Kalvedans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kalvedans eller råmjølkspudding er ein tradisjonell dessert som utnyttar det høge proteininnhaldet i råmjølk til å lage ein stiv pudding utan andre tilsetjingsmiddel som gelatin eller egg. Ein brukar omtrent ein tredjedel råmjølk og to delar vanleg mjølk. Om det er andre eller tredje mjølking, må ein redusere mengda med vanleg mjølk. Som smakstilsetjing brukar ein mandeldropar og litt sukker. Det heile vert plassert i dampbad der ein passar temperaturen slik at mjølka ikkje kokar. Etter om lag ein times tid er puddingen stiv, og kan etast med kanel og mjølk.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Marie Landmark. (1900) For landsbygden. Raad og Veiledning for Hus og Hjem.