Kalvskinnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kalvskinnet er ein bydel i Trondheim. Bydelen utgjer den sørvestre delen av Trondheim sentrum, eller midtbyen som han òg vert kalla. Kva namnet tyder er ikkje sikkert. I Sverres saga vert området kalla akeren.

Kalvskinnet er frå historia kjend som staden der slaget mellom kong Sverre og Erling Skakke stod i 1179. Denne grøne delen av Trondheim sentrum er i dag eit ettertrakta bustadområde med mange karakteristiske bygårdar frå tida omkring førre hundreårsskiftet. Elles er det her mange statlege bygnader knytte til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og Høgskolen i Sør-Trøndelag. Også mange større og mindre kyrkjelydar og kristelege organisasjonar har sine kyrkjer og forsamlingslokalar her.