Kamøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kamøyfjorden (samisk Gappevuotna) er ein fjord på nordaustsida av Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 14 km sørvestover til Skipsfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Beinviknæringen i nordvest og Hellnes i søraust. Like sør for Kamøyfjorden ligg Honningsvåg. Store Kamøya er ei som ligg midt i fjorden nesten heilt inne i fjorden. På innsida av øya ligg fiskeværet Kamøyvær. Her vert fjorden òg delt i to, Duksfjorden går på nordsida av øya, medan Skipsfjorden går på sørsida av øya og Skipsfjordneset. Kamøyfjorden er 153 meter på det djupaste, like nordvest for Hellnes.

Europaveg 69 går langs den inste delen av sørsida. Koordinatar: 71°2′11.580″N 26°1′30.238″E