Kamassisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kamassisk språk)
Kamassisk
Klassifisering: uralsk
 samojedisk
  sørsamojedisk
   kamassisk
Bruk
Var tala i: Russland
Område: Sibir
Språkkodar
ISO 639-3: xas
Glottolog: kama1378

Kamassisk er eit utdøydd samojedisk språk i den uralske språkfamilien. Dei næraste slektningane er dei andre sørsamojediske språka selkupisk (som har ca. 1500 talarar), og mator og koibalsk (som døydde ut på 1800-talet).

Kamassisk er eit utdøydd språk, men eit språk som fekk eit andre liv etter sin død. Vi kjenner kamassisk framforalt via feltarbeidet til M.A. Castrén på midten av 1800-talet og arbeidet til Otto Donner. Etter dette gjekk språkforskarane ut i frå at kamassisk var eit utdøydd språk, men rundt 1960 vart det oppdaga at det faktisk eksisterte ein person som kunne kamassisk, Klavdia Plotnikova, eit språk ho hadde lært som barn men i mange tiår snakka berre med seg sjølv. Den estiske språkforskaren Ago Künnap brukte fleire år på å undersøke språket hennar. Plotnikova døydde først i 1989, og med henne er altså kamassisk eit utdøydd språk.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Dei kamassiske fonema er her skrive med det finskugriske fonetiske alfabetet.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Kamassisk har 13 vokalar:

Vokalfonem i kamassisk (finsk-ugrisk alfabet)
ur fr r fr m ur b r br
i ü u
e ö ǝ o
ɛ ä a å

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Konsonantfonem i kamassisk (finsk-ugrisk alfabet)
Art.måte bil bil+ alv alv+ pal pal+ vel vel+
Ustemt plosiv p t k
Stemt plosiv b d ď g
Ustemt frikativ f s ś š š̕ x
Stemt frikativ δ z ź ž ž̕ ɣ
Ustemt affrikat c ć č č̕
Stemt affrikat ʒ ʒ́ ǯ ǯ̕
Nasal m ḿ n ń ŋ
Halvvokalar w j
Lateralar l ĺ
Tremulantar r ŕ


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Joki, A.J. (Hrsg.) 1944: Kai Donners Kammasisches Wörterbuch nebst Sprachproben und Hauptzügen der Grammatik. Lexica Societatis Fenno-Ugricae VIII. Suomalais-Ugrilainen Seura, Helsinki.
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.