Kambrium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kambrium
542 - 488.3 millionar år sidan
Є
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 12.5 vol %[1]
(63 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 4500 ppm[2]
(16 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden ca. 21 °C [3]
(7 °C over dagens nivå)
Viktigaste hendingar i
kambrium
sjå • diskuter • endre
-545 —
-540 —
-535 —
-530 —
-525 —
-520 —
-515 —
-510 —
-505 —
-500 —
-495 —
-490 —
Orsten-faunaen
Første trilobittar
Første sporfossil av leddyr
K
a
m
b
r
i
u
m
Neoproterozoikum
(Siste æra i prekambrium)
Paleozoikum
(Første æra i fanerozoikum)
Ein tilnærma tidsskala for dei viktigaste hendingane i kambrium.
Den kambriske eksplosjonen fann stad i nedre kambrium, men kor lenge han varte er ukjend.
Skala: millionar av år sidan.

Kambrium er ein geologisk periode og eit system som starta for rundt 542± 0,3 millionar år sidan ved slutten av eonet proterozoikum og enda for 488,3± 1,7 millionar år sidan ved byrjinga til ordovicium. Han er den første perioden i paleozoikum i eonet fanerozoikum. Kamrium har fått namn etter Cambria, namnet Wales hadde i antikken og området der dei første bergartane frå denne perioden vart studert.

Kambrium er den tidlegaste perioden med berglag med talrike store fossil av fleircella organismar. Det oppstod brått særs mange fossil av dyr med hardt ytre i denne perioden, eit fenomen kjend som den kambriske eksplosjonen. Trass i at ein i lang tid har sett klare skilje mellom bergartar frå kambrium og yngre bergartar frå ordovicium, samt eldre bergartar frå prekambrium, var det først i 1994 at perioden vart internasjonalt godkjend. Starten på kambrium er definert til ei stor samling sporfossil kalla Trichophycus pedum. Denne samlinga er forskjellig frå alt anna i prekambrium og består av rekker med vertikale holgangar som ein ikkje har funne tidlegare.

Kambriumsystemet er bergartar som er avsette i kambrium.

Inndeling av kambrium[endre | endre wikiteksten]

Kambrium kjem etter ediacara og før ordovicium. Kambrium er delt inn i tre epokar - tidleg kambrium (caerfai eller waucobium), mellomkambrium (St. Davids eller albertium) og furongium (òg kalla sein kambrium, merioneth eller croixium). Bergartar frå desse epokane vert kalla som nedre, midtre eller øvre kambriske.

Kvar epokane er igjen inndelt i aldrar. Berre ein av desse, paibium, er anerkjend av International Commission on Stratigraphy og dei andre har ikkje offisielle namn. Kamberium er delt inn i fleire faunale stadia der det russisk-kasakhstanske systemet er det mest nytta internasjonalt:

Kinesisk Nordamerikansk Russisk-kasakhstansk Australsk Regionalt
Furongium Ibexium (del) Ayusokkanium Idamean Dolgellium
Sunwaptan Sakium Mindyallan Festiniogium
Steptoan Aksayan Payntonium Maentwrogium
Marjuman Batyrbayan
Mellomkambrium Maozhangium Mayan Boomerangium
Zuzhuangium Delamaran Amgan Undillium
Zhungxium Florium
Templetonium
  Dyeran Ordium
Tidleg kambrium Longwangmioan Toyonium Lenium
Changlangpuan Montezuman Botomium
Qungzusium Atdabanium
Meishuchuan Tommotium
Nemakit-Daldynium

Datering av kambrium[endre | endre wikiteksten]

Perioden kambrium varte har historisk vorte rekna som frå om lag 570 millionar år sidan til om lag 500 millionar år sidan. Den nedre grensa til kambrium er tradisjonelt sett til då dei første tidlege leddyra, kalla trilobittar, og uvanlege organismar kalla archeocyathar, som ein meiner er dei første svampane og dei første ikkje-mikrobiske korallbyggjarane, dukka opp.

Slutten på perioden er sett til ei utryddingshending. Funn av fossil og radiometrisk datering på siste halvdel av 1900-talet har sett spørsmål ved desse tidspunkta. Forskjellige forskarar gjev tidspunkt som varierer med så mykje som 20 millionar år for kortid kambrium slutta og starta. International Subcommission on Global Stratigraphy har føreslått omtrent 545 til 490 millionar år sidan så seint som i 2002.

Ei radiometrisk datering frå New Brunswick set enden av det første stadiet av kambrium til om lag 511 millionar år sidan. Dette gjev berre 21 millionar år att for dei to andre stadia av kambrium.

Ein meir presis datering på 542 ± 0,3 millionar år sidan for utryddingshendinga i byrjinga av kambrium har nyleg vorte framlagt.[5] Forklaringa for denne persise dateringa er eit døme på paleontologisk deduktiv tankegang. Akkurat i overgangen til kambrium er det eit markert fall i mengdene av karbon-13, som paleontologar kallar eit avvik. Det er så utbreitt at det er ein indikator på grensa mellom prekambrium og kambrium i stratigrafiske lag av omtrent same alder. Ein av stadane der ein finn dette avviket er i Oman. Amthor (2003) skildrar at funn frå Oman indikerer at karbon-13-avviket er knytt til ei masseutrydding og særskilde fossil frå prekambrium forsvinn nøyaktig samstundes med dette avviket. Heldigvis har ein òg funne i Oman eit lag med vulkansk oske frå same tid med zirkonar som gjev den særs nøyaktige alderen 542 ± 0,3 millionar år (kalkulert ut frå nedbrytingstempoet til uran og bly). Dette nøyaktige tidspunktet stemmer med mindre presise tidspunkt for karbon-13-avviket i funn frå Sibir og Namibia. Tidspunktet vil truleg verte det endelege starttidspunktet for fanerozoikum og dermed starten på paleozoikum og kambrium.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kontinenta i kambrium meiner ein bestod av restane etter superkontinentet Pannotia frå neoproterozoikum. Hava i kambrium ser ut til å ha vore store og grunne. Gondwana var det største superkontinentet etter at Pannotia braut opp. Ein meiner at klimaet i kambrium var langt varmare enn det hadde vore tidlegare, som til dømes istidene under kryogenium. Det var heller ikkje is ved polane. Kontinentaldrifta ser ut til å ha vore unormalt stor. Laurentia, Baltica og Sibir vart verande sjølvstendige kontinent etter at Pannotia braut sundt og Gondwana starta å flytte seg mot Sørpolen. Panthalassa dekte det meste av den sørlege halvkula og mindre hav som Proto-Tethyshavet, Iapetushavet og Khantyhavet utvida seg i denne perioden.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Fossil trilobitt Redlichia chinensis frå kambrium. Funne i Kina

Kambrium hadde ei markant auke i mangfald og artsrikdom på jorda. Den påliggande edicariske biotaen opplevde ei masseutrydding i byrjinga av perioden, som kom samstundes med den store auken av komplekse holgangar. Dette hadde enorm effekt på substratet og skjedde samstundes med den kambriske eksplosjonen, der dei fleste moderne slekter oppstod. Det er òg funn som tyder på at kambriske organismar gjekk opp på land og produserte sporfossila protichnites og climactichnites.

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Det er generelt semje om at det ikkje var planter på land i denne perioden, men det er likevel truleg at noko mikrobielt «skum» som bestod av sopp, algar og kanskje lav dekte land.[6]

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finn ein avleiringar frå kambrium særleg på Austlandet og i Finnmark, hovudsakleg basalkonglomerat og sandstein. Havet trengte i denne perioden inn frå nord over eit flatt, nedslite område kalla det subkambriske peneplan. I Sør-Noreg finn ein mellom anna grønleg skiferar frå tidleg kambriumUstaoset og ved Mjøsa, mellom anna med fossil av trilobitten Holmia. Frå mellomkambrium finn ein avleiringar i Oslofeltet og i Rogaland, og i sein kambrium finn ein mørke skiferar og kalksteinar med trilobittar av slektene Paradoxides, Olenus og Peltura.

Mellom anna finst den heilt svarte alunskiferen frå midtre og seinare periodar av kambrium. Desse inneheld mykje uran, karbon og jernsulfid, og skapar problem for anleggsverksemd og helse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fil:Sauerstoffgehalt-1000mj.svg
  2. Fil:Phanerozoic Carbon Dioxide.png
  3. Fil:All palaeotemps.png
  4. Budd, G.E., Peel, J.S. (1998) «A new xenusiid lobopod from the Early Cambrian Sirius Passet fauna of North Greenland» – Palaeontology, bind 41, s. 1201-1213.
  5. Gradstein, F.M., Ogg, J.G., Smith, A.G., others (2004) A Geologic Time Scale 2004 – Cambridge University Press.
  6. Gray, J.; Chaloner, W. G.; Westoll, T. S. (1985) «The Microfossil Record of Early Land Plants: Advances in Understanding of Early Terrestrialization, 1970-1984 [and Discussion]» – Philosophical Transactions of the Royal Society of London. Series B, Biological Sciences (1934-1990), bind 309, nr. 1138, s. 167–195.

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kambrium
Kambrium
Tidleg kambrium Mellomkambrium Furongium
Alder 1 | Alder 2 Alder 3 | Alder 4 | Alder 5
Alder 6 | Alder 7
Paibium | Alder 9
Alder 10
Paleozoikum
Kambrium Ordovicium Silur Devon Karbon Perm