Kame

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For smykkesteinen, sjå kamé.
Ein kame nær Kirriemuir i Skottland

Kame (uttale keim, av skotsk came, som tyder «kam») er uregelmessige haugar og ryggar i terrenget, laga av isbreavsetningar sortert av breelvane. Dei er gjerne avsette i fordjupingar og hol i isen under nedsmeltinga etter den siste istida.[1]

Ein kame i Yellowstone National Park i Wyoming
Ein kame i Okanagon Lobe i Washington

Kamer kan opptre saman med daudisgroper og danna landskap av haugar og hol. Det geologiske omgrepet kame blei først brukt av Thomas Jamieson i 1874.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «kames – glasiologi» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Goudie, Andrew, red. (2004). «Kame by Eric A. Colhoun». Encyclopedia of Geomorphology. vol. 2. s. 581–582. 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]