Kamehameha I av Hawaii

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Kamehameha I

Kamehameha I eller Kamehameha den store (17588. mai 1819) var den første kongen av heile Hawaii, etter å ha erobra dei andre øyane. Kamehameha moderniserte samfunnet og laga alliansar med kolonimaktene i Stillehavet som sikra Hawaii sjølvstende i levetida hans og fleire tiår etter at han døydde.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kamehameha var son av Keōua og Kekuiapoiwa, som begge var av høvdingslekt. Kamehameha støtta onkelen sin Kalaniopu då denne gjorde krav på herredømet over Hawaiiøya, og blei gjeven ei framtredande stilling som takk. I 1779 møtte han oppdagaren James Cook saman med andre høvdingar i sitt første møte med europearar. Han kan også ha vore til stades då Cook blei drepen.

Erobringar[endre | endre wikiteksten]

I 1782 blei sonen til Kalaniopu, Kiwalaʻo, ny herskar over Hawaii, medan Kamehameha blei gjort ansvarleg for krigsguden Kūkaʻilimoku. Det var lenge vondt blod mellom dei to fetrane, og med støtte frå fem høvdingar gjorde Kamehameha opprør som han vann. I 1790 tok han også Puna-distriktet på Hawaii. Ved hjelp av skytevåpen frå britar og amerikanarar erobra han øyane Maui og Molokaʻi i 1795. På Oahu møtte han derimot motstand, ettersom kongen der også hadde skytevåpen. Han gjorde fleire mislukka forsøk på å erobra dei vestlege øyane Kauaʻi og Niʻihau, men oppnådde til sist at kongen der underkasta seg han som vasall. Kamehameha kunne dermed kalla seg konge av heile Hawaii i 1810.

Statue av kong Kamehameha i Kapaau med leikransar i høve Kamehameha-dagen 11. juni.

Herskar[endre | endre wikiteksten]

Kamehameha innførte fleire nyordningar for å sikra Hawaii som eit sjølvstendig samfunn. Han innførte eit sameint lovsystem og ein toll- og handelspolitikk som forbetra den økonomiske stillinga deira i høve til USA og Europa. Han forbaud også andre enn hawaiiarar å eiga land.

Kongen er kjend for å ha innført Kānāwai Māmalahoe, 'loven om den splintra åra', som sikra sivile mot krigshandlingar. Loven blei seinare innfelt i delstatsgrunnloven til Hawaii.

Sjølv om Kamehame gjorde slutt på menneskeofringar, heldt han på dei fleste andre hawaiiske tradisjonar. Han dyrka den hawaiiske religionen og bygde fleire heiau, eller tempel. Han heldt strengt på dei tradisjonelle kapureglane, og avretta dei som braut dei. Han tok imot kristne, men ser ikkje ut til å ha teke dei alvorleg.

Kamehameha hadde åtte koner. Mellom dei var førstekona Keopuolani, Liholiho, som var mor til Kamehameha II og Kauikeaouli (Kamehameha III) og dottera Nahienaena, Kanekapolei, mor til hans førstefødde son, Kalakua, bestemor til Kamehameha IV og Kamehameha V, og kusina Kaahumanu I, favorittkona.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det fulle namnet til kong Kamehama var Kalani Paiʻea Wohi o Kaleikini Kealiʻikui Kamehameha o ʻIolani i Kaiwikapu kaui Ka Liholiho Kūnuiākea. Som ung var han kjend som « Paiʻea», som er namnet på ein krabbe.[1] Namnet han er best kjend under i dag, «Ka mehameha», tyder 'den einsame' eller 'den tause.[2] Dette skal ha vist til den nokså mutte framtoningen hans, eller det at han først voks opp i einsemd.

Naha-steinane.

Soger[endre | endre wikiteksten]

Det nøyaktige fødselåret til Kamehameha er ikkje dokumentert. Hawaiiske soger fortel at ein komet skulle varsla ein sameinande konge. Halley-kometen var synleg frå Hawaii i 1758, og Kamehameha skal ha blitt fødd kort tid etter dette. Den dåverande kongen Alapaʻi skal ha gjeve ordre om å drepa barnet fordi ein kahuna (prest) skal ha sagt at eit brennande lys på himmelen varsla om ein «høvdingdrepar». Foreldra til Kamehameha fekk han send vekk med ein klansmann, Naeʻole, som fostra han opp i fem år. Deretter skal angra Alapaʻi ha angra seg og bede han koma tilbake.

Som ungdom skal Kamehameha ha løfta Naha-steinen, ein veldig stein som berre kongelege av Naha-slekta kunne rokka. Dette blei tolka som at han kunne røra ved, eller sameina, heile Hawaii.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. pai.ʻea i Hawaiian Dictionaries
  2. meha.meha i Hawaiian Dictionaries