Kamphandlinga 2. mai 1707

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kamphandlinga 2. mai 1707
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Attaque d'une Escadre Angloise dans la Manche.jpg
Kamphandlinga 2. mai 1707. National Maritime Museum.
Dato 2. og 3. mai 1707
Stad utanfor Beachy Head
Resultat Fransk siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Kommandantar
Flagget til Frankrike Claude de Forbin Det britiske flagget kommandør Baron Wylde
Styrkar
7 linjeskip
6 kaperskip
3 linjeskip
52 handelsskip
Tap
Små To linjeskip kapra[1]
21 handelsskip kapra[2]

Kamphandlinga 2. mai 1707, òg kjend som Beachy Head, var eit sjøslag i den spanske arvefølgjekrigen der ein fransk skvadron under Claude de Forbin hindra ein stor britisk konvoi eskortert av tre linjeskip under kommandør Baron Wylde. Kamphandlinga starta då tre franske skip, «Grifon», «Blackoal» og «Dauphine», forankra seg til HMS «Hampton Court», tok livet av kapteinen hennar, George Clements, og kapra skipet. «Mars» med 60 kanonar, styrt av Claude Forbin, gjekk så til åtak på HMS «Grafton» og då dei franske skipa «Blackoal» og «Fidèle» kom til, tok dei livet av kapteinen Edward Acton, og tok dette skipet òg.[3] Konvoien vart spreidd og det siste britiske eskorteskipet, HMS «Royal Oak», vart hardt råka og med 12 fot vatn innanbords klarte ho å kome seg unna ved å gå på land nær Dungeness. Ho vart slept frå her dagen etter og ned til the Downs.[4]

Franskmennene tok 21 handelsskip, i tillegg til to 70-kanonars linjeskip, og førte dei alle til Dunkerque.[5]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den 1. mai sette ein stor konvoi av stad mot Vestindia, verna av tre linjeskip. Dei segla ut frå the Downs og var kring 30 km vest for Beachy Head, då dei møtte den franske skvadronen frå Dunkerque, kommandert av Claude de Forbin. Skvadronen bestod av sju linjeskip og seks kaperskip.[6] Slaget byrja då tre franske skip, «Grifon», «Blackoal» og «Dauphine», forankra seg til HMS «Hampton Court», tok livet av kapteine hennar, George Clements, og kapra skipet. Kommandør Wyld tok fek av dei største handelsskipa inn i linja si og møtte med stort mot åtaket til dei franske skipa.[7] I to og ein halv time kom det tung eld frå begge sider. «Hampton Court» kjempa desperat, men måtte overgje seg.[8] Claude Forbin si 60-kanonars «Mars», gjekk så til åtak på HMS «Grafton» og fekk med seg dei franske skipa «Blackoal» og «Fidèle, kapra henne etter ein halvtime med kanoneld.[9] Wyld si HMS «Royal Oak», som hadde 11-12 fot vatn i lasterommet, klarte å komme seg unna med store tap ved å grunnstøyte. Skipet vart sidan slept til the Downs.[10]

Slagordenen[endre | endre wikiteksten]

Frankrike[endre | endre wikiteksten]

  • «Mars» 60 - Chevalier de Forbin, Chef de Division.[11]
  • «Dauphine» 56 - Comte de Roquefeuil[12]
  • «Fidèle» 56 - Baron d'Arey.[13]
  • «Blackoal» 54 - de Tourouvre[14]
  • «Salisbury» 50 - Chevalier de Vezins.[15]
  • «Griffon» 50 - Chevalier de Nangis[16]
  • «Protée» 50 - Comte d'Illiers.[17]

6 kaperskip[18]

Storrbitannia[endre | endre wikiteksten]

  • HMS «Royal Oak» 76 - Kommandør Baron Wylde, rømde.[19]
  • HMS «Hampton Court» 70 - Kaptein George Clements , kapra.[20]
  • HMS «Grafton» 70 - Kaptein Edward Acton  , kapra.[21]

55 handelsskip

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Action of 2 May 1707» frå Wikipedia på engelsk, den 19. desember 2011.
  • Haws, Duncan; Hurst, Alexander Anthony (1985). The Maritime History of the World: A Chronological Survey of Maritime Events from 5 000 B.C. Until the Present Day. Vol I. ISBN 978-0-903662-10-9.
  • Allen, Joseph. Battles of the British Navy: from A.D. 1000 to 1840 Bell & Daldy publishing, ASIN B00087UD9S
  • Troude, O. Batailles navales de la Frankrike, Vol. I.''
  1. Allen s.101
  2. Allen p.101
  3. Haws/Hurst s.347
  4. Haws/Hurst s.347
  5. Allen s.101
  6. Troude 259
  7. Haws/Hurst s.347
  8. Allen s.101
  9. Haws/Hurst s.347
  10. Allen s.101
  11. Troude 259
  12. Troude 259
  13. Troude 259
  14. Troude 259
  15. Troude 259
  16. Troude 259
  17. Troude 259
  18. Troude 259
  19. Allen s.101
  20. Allen s.101
  21. Allen s.101