Kamphandlinga i august 1702

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kamphandlinga i august 1702
Del av den spanske arvefølgjekrigen

Den skadde Benbow gjev framleis ordre om angrep
Dato 19.–25. august 1702
Stad utanfor Santa Marta
Resultat Taktisk uavgjort
Strategisk fransk siger
Partar
 England  Frankrike
Kommandantar
John Benbow Jean du Casse
Styrkar
7 linjeskip 4 linjeskip
1 fregatt
4 korvettar
1 transport
Tap
1 skip øydelagd 1 skip kapra
Den spanske arvefølgjekrigen: Vestindia
Santa Marta – Guadeloupe – Nassau – Colonia del Sacramento – Cartagena de Indias – 1. Rio – 2. Rio – Cassard

Kamphandlinga i august 1702 fann stad frå den 19. til den 25. august 1702 mellom ein engelsk skvadron under viseadmiral John Benbow og ein fransk under admiral Jean du Casse, under den spanske arvefølgjekrigen. Benbow gjekk hardt til åtak på den franske skvadronen, men då dei fleste kapteinane hans nekta å støtte handlinga, klarte du Casse å stikke av. Benbow mista eit bein under kamphandlinga og døydde av sjukdom to månader seinare. To av kapteinane vart seinare dømd for feigheit og skoten.

At Benbow valde å forfølgje franskmennene, i det som vart den siste kampen hans, vart uimotståeleg for fantasien til folket. Hendinga inspirerte til mange balladar, hovudsakleg kalla Admiral Benbow eller Brave Benbow, som vart sungen av britiske sjømenn meir enn hundre år seinare.[1]

Opptak[endre | endre wikiteksten]

Då den spanske arvefølgjekrigen braut ut, vart Benbow send til Vestindia med ein liten skvadron. Målet var å unngå at franskmennene tok over dei spanske landområda der. Du Casse vart send til Cartagena med ein skvadron for å overtale dei til å støtte Filip V. Benbow sette etter for å avskjere dei.[2]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den 19. august 1702 møtte skvadronen til Benbow franskmennene langs kysten av Colombia, utanfor Santa Marta, litt aust for munningen til Rio Magdalena. Han gav ordre til skvadronen om å angripe, men «Defiance» og «Windsor» låg akterut og synte ikkje teikn til hastverk og dei måtte få ordre om å setje meir segl. Benbow meinte å vente på «Defiance», men «Falmouth» opna åtaket med å angripe fregatten, og «Windsor» som låg ved sidan av. «Breda» vart med, men «Defiance» og «Windsor» avbraut etter nokre få breisider og let «Breda» ta i mot eld frå franskmennene. Slaget heldt fram til mørket senka seg.[3] «Breda» og «Ruby» følgde etter franskmennene heile natta, medan resten av skvadronen gjekk sin eigen veg.[4]

Forfølginga fortsette gjennom den 29., og «Breda» og «Ruby» avfyrte baugkanonane når dei kunne. Morgonen den 21. starta kampen att og «Ruby» vart hardt skadd. «Defiance» og «Windsor» nekta å delta i kampen, sjølv om dei hadde det siste franske skipet ved breisida si.[4] «Greenwich» hadde no hamna fem timar bak dei andre. Den 22. kapra «Breda» galeien «Anne», som opphavleg var eit engelsk skip kapra av franskmennene, og den øydelagde «Ruby» fekk ordre om å returnere til Port Royal.[3]

Natta den 24. gjekk Benbow mot eit av fiendeskipa aleine og han mista høgrefoten sin då han vart råka av lenkjekuler og returnerte til kvarterdekket så snart skipet var på linje. Flaggkaptein Fogg gav ordre til dei andre kapteinane i skvadronen om å halde slaglinja.[3] Kaptein Kirkby på «Defiance» kom ombord og fortalte Benbow at han heller burde avstå, sidan franskmennene såg så sterke ut. Benbow forstod at dei andre kapteinane hadde same meining, avbraut og segla attende til Jamaica.[4]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Benbow fekk seinare eit brev frå Jean du Casse etter kampen:[2][3]

Sir,
Eg hadde ikkje store forhåpningar sist måndag om annan enn å ete kvelds i lugaren din: men det var Guds vilje som ville det annleis. Eg er takksemd for det. Når det gjeld dei feige kapteinane dine som let deg i stikken, heng dei opp, for Gud veit dei fortener det.
Med vennleg helsing,
Du Casse

Og det var nettopp dette Benbow gjorde. Benbow stilte kapteinane sine for krigsrett då dei kom attende. Kapteinane Kirkby og Wade vart funnen skuldige i feigheit og dømd til døden ved skyting. Wade skal ha vore full under slaget. Kaptein Constable vart frikjend for skuldinga om feigheit, men vart dømd for andre skuldingar og avskjediga i unåde. Kaptein Hudson døydde før han vart stilt for retten. Kaptein Fogg og Vincent vart stilt for retten for å ha signert eit dokument i lag med dei andre kapteinane i skvadronen, der det stod at dei ikkje ville kjempe, men dei hevda dei gjorde dette for å hindre kaptein Kirkby frå å desertere. Benbow vitna i deira favør og dei vart berre suspendert.[3]

Foten til Benbow vart amputert, men han utvikla feber og døydde den 4. november 1702. Kirkby, Wade og Constable vart sende til Plymouth ombord HMS «Bristol», der dommane deira vart stadfesta av prins Georg av Danmark. Kirkby og Wade vart skotne ombord på «Bristol» den 16. april 1703. Fogg og Vincent fekk lov å gå attende i teneste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Admiral Benbow Art». Henta 28. mai 2011. 
  2. 2,0 2,1 William Henry Giles Kingston. «Chapter 12: Queen Anne». How Britannia Came to Rule the Waves. Henta 28. mai 2011. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Information on Breda (70) (1692)». Henta 28. mai 2011. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Information on Greenwich (54) (1666)». Henta 28. mai 2011.