Kamtsjatka kraj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For halvøya sjå Kamtsjatkahalvøya, for elva sjå Kamtsjatkaelva.
Kamtsjatskij kraj
   
Kamtsjatka kraj sitt flagg
Kamtsjatka kraj sitt våpen
Kamtsjatka kraj sitt flagg Kamtsjatka kraj sitt våpen
Kamtsjatka kraj på kartet over Russland
Hovudstad Petropavlovsk-Kamtsjatskij
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 10.

472 300 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 76.

ca. 322 100[1] (2010)
ca. 0,68/km²

Føderalt distrikt Fjerne Austen
Økonomisk region Fjerne Austen
Regionsnummer 41
Offisielt språk Russisk
Guvernør Vladimir Ivanovitsj Iljukhin
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +1200

Kamtsjatka kraj (russisk Камчатский край) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Petropavlovsk-Kamtsjatskij, arealet 472 300 km² og innbyggjartalet 322 100 (2010).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsikt frå Petropavlovsk-Kamtsjatskij til vulkanen Avatsja (2741 meter høg).

Kamtsjatka kraj omfattar Kamtsjatkahalvøya, heilt aust i Russland, og nærliggjande delar av fastlandet. I aust ligg Stillehavet, i vest Okhotskhavet, ein arm av Stillehavet. Halvøya heng fast i fastlandet i nord. Kamtsjatka ligg i ei vulkansk aktiv sone. I provinsen finst det om lag 300 vulkanar, 29 av dei vert rekna som aktive. Her ligg mellom anna den høgaste vulkanen i Eurasia - Kljutsjevskaja Sopka (4750 moh.). Her finst òg mange geysirar og varme kjelder.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Den einaste store byen er hovudstaden, Petropavlovsk-Kamtsjatskij, med 179 800 ibuarar i 2010, om lag 56 % av folketalet i regionen.[1]

Ved folketeljinga i 2010 var folket i Kamtsjatka kraj for det meste etniske russarar. Den etniske samansetjinga var:[1]

Den største urfolksgruppa, korjakane, bur hovudsakleg i distriktet (okrug) Korjakia i nord, der dei i 2002 utgjorde 26,7 % av folket. Andre, mindre urfolksgrupper var:

Som i mange andre delar av arktisk Russland er folketalet i Kamtsjatka kraj sterkt minkande. I 1989 var folketalet 471 932. Frå 1989 til 2010 sokk folketalet med 31,8 %.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Urfolka korjakar, itelmenar, evenar, aleutar og tsjuktsjarar budde på Kamtsjatka før russarane kom dit. Russarane nådde først Kamtsjatka på slutten av 1600-talet, mellom anna ved ekspedisjonane til Semjon Dezjnjov og Vladimir Atlasov. På 1700-talet var det etablert permanente russiske busetjingar på Kamtsjatka. Petropavlovsk vart grunnlagd som festning i 1740. I 1812 budde det om lag 3200 urfolk og 2500 russarar i området. Petropavlovsk vart angripen av ein britisk-fransk styrke under Krimkrigen i 1854, men vart ikkje erobra. Etter at Alaska vart seld til USA i 1867 mista området betydning for Russland, og på slutten av 1800-talet oppretta amerikanarane fleire handelsstasjonar i området. Etter den russiske revolusjonen oppnådde Sovjetunionen kontroll over området i 1923. Kamtsjatka oblast låg under Khabarovsk kraj fram til 1956 då det vart eige oblast. Den nordlege delen av Kamtsjatka oblast utgjorde det sjølvstyrte distriktet (okrug) Korjakia. Korjakia var både ein del av Kamtsjatka oblast, og samstundes eit eige føderasjonssubjekt. Denne litt forvirrande situasjonen tok slutt 1. juli 2007, då Kamtsjatka oblast og Korjakia vart slått saman til det nye føderasjonssubjektet Kamtsjatka kraj. Dette vart godkjend i ei folkerøysting 23. oktober 2005.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kamtsjatka kraj