Kamtsjatkahalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det er mange vulkanar på Kamtsjatka som Avatsjinskij sett her

Kamtsjatkahalvøya (russisk полуостров Камчатка - poluostrov Kamtsjatka) er ei 1250 km lang halvøy heilt aust i Russland med eit areal på 472 300 km². Han ligg mellom Stillehavet i aust og Okhotskhavet i vest.[1] Like utanfor halvøya i Stillehavet ligg den 10 500 meter djupe Kuril-Kamtsjatka-renna.

Kamtsjatkahalvøya, Kommandørøyane og Karaginskijøya utgjer Kamtsjatka kraj i Russland. Dei fleeste av dei like over 400 000 innbyggjarane er russarar, men det er òg om lag 13 000 korjakar. Meir enn halvparten av innbyggjarane bur i Petropavlovsk-Kamtsjatskij og Jelizovo.

Vulkanar på Kamtsjatka er rekna som verdsarv på lista til UNESCO.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Vulkanen Korjakskij ruvar over Petropavlovsk-Kamtsjatskij.

Kamtsjatkaelva og den omliggande dalen ligg midt eit stort vulkanbelte som inneheld rundt 160 vulkanar, 29 av dei framleis aktive. Vulkanane ligg tett i tett og det finst mange fenomen som er teikn på vulkansk aktivitet.

Den høgaste vulkanen er Kljutsjevskaja Sopka på 4750 meter over havet, den største aktive vulkanen på den nordlege halvkula.[2], medan den mest påfallande er Kronotskij, med ei perfekt kjegleform og som stundom har vorte kalla den vakraste vulkanen i verda.[3] Noko lettare tilgjengeleg er dei tre vulkanene som er synleg frå Petropavlovsk-Kamtsjatskij: Korjakskij, Avatsjinskij og Kozelskij. Midt på Kamtsjatka ligg den kjende Dolina Geiserov, «Geysirdalen», som delvis vart øydelagd av eit stort jordras i juni 2007.[4]

På grunn av Kuril-Kamtsjatka-renna er djup seismisk aktivitet og tsunamiar forholdsvis vanlege. To særs kraftige jordskjelv fann stad utanfor kysten den 16. oktober 1737 og 4. november 1952 med storleikar på respektive 9,3 og 8,2 på Richterskalaen.[5] Ei rekke svakare jordskjelv skjedde i april 2006.[6]

Kamtsjatka får opp mot 2700 mm nedbør i løpet av eit år. Somrane er moderat kjølige og vintrane er vindfulle.

Det sørlegaste punktet på Kamtsjatkahalvøya er Kapp Lopatka.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Kamtsjatka har eit mangfaldig og riktig dyreliv. Dette kjem av at klimaet varierer frå temperert til subarktisk, den varierte topografien og geografien, mange elvar, og at halvøya ligg nær næringsrike farvatn nordvest i Stillehavet, Beringhavet og Okhotskhavet, samt at området har hatt lite menneskeleg innverknad. Her finn ein òg den sørlegaste arktiske tundraen i verda. Kommersiell utnytting av havressursane og tidlegare pelsjakt har derimot gjort innhogg i fleire artar.

Av pattedyr på land finn ein mykje brunbjørn. I Kronotskij naturreservat er det estimert til å vere tre til fire dyr per 100 km².[7] Andre dyr er rovdyr som ulv, polarrev og andre revar, gaupe, jerv, sobel, fleire artar av røyskatt, hermelin og elveoter. Av store hovdyr finn ein sau, reinsdyr og elg og andre dyr som gnagarar som hare, murmeldyr, lemen og fleire ekornartar. Halvøya er hekkeområde for stellerhavørn,[8] ein av dei største ørneartane, samt kongeørn og jaktfalk.

Topografien til Kamtsjatkahalvøya

Kamtsjatka har truleg det største mangfaldet av laksefisk i verda, inkludert alle seks artar av anadrome stillehavslaks. Biologar har estimert av ein sjettedel til ein fjerdedel av stillehavslaksen kjem frå Kamtsjatka.[9] Kurilesjøen er det største gyteområde for raudlaks i Eurasia. Som følgje av tjuvfiske og at laksebestanden generelt minkar i verda er eit 24 000 km² langs ni produktive lakseelvar i ferd med å verte naturreservat.

Det er mykje kval farvatnet rundt Kamtsjatka, som spekkhoggar, dallsnise, nise, knølkval, spermasettkval og finnkval. Stundom kan ein òg sjå gråkval (som vanlegvis held seg lenger aust), nebbkval og vågekval. Blåkval beitar stundom søraust for Kamtsjatka. Av sel finn ein stellersjøløve, nordleg pelssel, largasel og steinkobbe. Lenger nord kan ein stundom sjå kvalross og storkobbe på stillehavssida og bandsel får avkom på isen i Karaginskijbukta. Havoter finn ein hovudsakleg i sørenden av halvøya.

Av sjøfugl finn ein havhvest, teist, krykkje, lundefugl, forskjellige artar skarv og mange andre artar. Det er rikt dyreliv i havet og kommersielt viktige er kamtsjatkakrabbe, usling, blekksprut, sei, torsk, sild, kveite og fleire artar flyndre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Storhertugdømet Russland gjorde krav på Kamtsjatkahalvøya på 1600-talet. Ivan Kamtsjaty, Simon Dezjnev, kosakken Ivan Rubets og andre russiske oppdagarar gjorde hadde fleire ekspedisjonar til området under Tsar Aleksej og kom tilbake med soger om eit eldland som var rikt på fisk og pels.

I 1697 førte Vladimir Atlasov, som grunnla Anadyr, ei gruppe på 65 kosakkar og 60 jukaghirar for å utforske halvøya. Han bygde to fort langs Kamtsjatkaelva som vart handelsstasjonar for russiske pelsjegerar. Frå 1704 til 1706 danna dei kosakk-koloniane Verkhne- (øvre) og Nizjne- (nedre) Kamtsjatskij. Her, langt borte frå leiarane sine, styrte kosakkane dei innfødde kamtsjadalane nådelaust. Etter kvart gjekk det derimot så over styr at den nordvestlege administrasjonen i Jakutsk sende Atlasov med retten og kanonane til å gjenopprette orden i området, men det var for seint. Dei lokale kosakkane hadde fått for mykje makt på eiga hand og i 1711 vart Atlasov drepen. Frå den tid vart Kamtsjatka eit sjølvstyrt område med minimal innverknad frå Jakutsk.

Illustrasjon frå Stepan Krasjeninnikov sin Soger frå landet Kamtsjatka (1755).

I 1713 var det om lag fem hundre kosakkar i området. Opprør var vanleg og det største skjedde i 1731 då busetnaden Nizjnekamtsjatskij vart rasert og innbyggjarane massakrert. Dei gjenverande kosakkane omgrupperte seg og forsterka seg med handvåpen og kanonar, og klarte å slå ned opprøret.

Den andre Kamtsjatka-ekspedisjonen av den danske oppdagaren Vitus Bering, i teneste for den russiske marinen, starta å «opne» opp Kamtsjatka for alvor mellom anna ved hjelp av at styresmaktene nytta staden som eksil. I 1755 gav Stepan Krasjeninnikov ut den første detaljerte skildringa av halvøya, Ei soge om landet Kamtsjatka. Dei russiske styresmaktene oppfordra til kommersiell aktivitet med Det russisk-amerikanske selskapet og gav nykommarar land på halvøya. I 1812 hadde dei innfødde vorte redusert til færre enn 3200, medan den russiske folkesetnaden hadde auka til 2500.

I 1854 gjekk franske og britiske under Krimkrigen til åtak på Petropavlovsk-Kamtsjatskij. Under omleiringa av Petropavlovsk klarte 988 menn med berre 68 skytevåpen å forsvare utposten mot seks skip med 206 kanonar og 2540 franske og britiske soldatar. Trass i den heroiske innsatsen vart Petropavlovsk forlatt etter at engelsk- og franskmennene trekte seg tilbake. Året etter, då ein ny styrke frå fienden kom til byen, var han tom.

Dei neste femti åra var magre for Kamtsjatka. Den militære hamna vart flytta til Ust-Amur og i 1867 vart Alaska seld til USA og Petropavlovsk vart ikkje lenger nytta av handelsmenn og utforskarar på veg til Amerika. I 1860 vart Primorskij (Maritime) Region oppretta og Kamtsjatka vart ein del av dette området. I 1875 vart Kurilane avstått til Japan mot russisk herredøme over Sakhalin. Den russiske folkesetnaden på Kamtsjatka var berre rundt 2500 fram til 1900, medan den innfødde folkesetnaden auka til 5000.

Den andre verdskrigen gjekk nesten hus forbi Kamtsjatka bortsett frå at ho vart nytta under invasjonen av Kurilane seint i 1945. Etter krigen vart Kamtsjatka erklært ein militær sone. Kamtsjatka vart verande lukka for russarar fram til 1989 og for utlendingar fram til 1990.

Populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Kamtsjatka er kjend for mange utanfor Russland sidan det er eit område i brettspelet Risk. Her dekkjer deriomt Kamtsjatka meir enn berre halvøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kamchatka Peninsula. Vitja 21. september 2008.
  2. =27-may-2008 Press Releases - Public Affairs Office - The University of Nottingham
  3. Kronotsky. Smithsonian Institution. Vitja 18. september 2008.
  4. The World Wildlife Fund (2007). Natural Wonder of the World Transformed within Hours, says World Wildlife Fund. earthtimes.org. Vitja 21. september 2008.
  5. The 4 November 1952 Kamtsjatka Earthquake and Tsunami. Vitja 21. september 2008.
  6. Earthquake Hazards Program (2006). Magnitude 7.6 - Koryakia, Russia. Vitja 21. september 2008.
  7. Кроноцкий государственный биосферный заповедник, Долина Гейзеров. Туры по Камчатке с камчатской туристической компанией. www.kamchatkatravel.net. Vitja 21. september 2008.
  8. Haliaeetus pelagicus. The World Conservation Union Red List. Vitja 21. september 2008.
  9. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]