Kamuflasje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein fisk på havbotnen.
Foto: Mark Pellegrini, 2005

Kamuflasje (av fransk camouflage) er maskering mot å verte oppdaga eller eit villeiande tiltak. Døme er stripene på tigrar eller på feltuniformene til moderne soldatar. Teknikken er òg utnytta i kunst.

Naturleg kamuflasje[endre | endre wikiteksten]

Nokre dyr og plantar har farger som passar inn i omgjevnaden, eller evne til å skifte farge.

Militær kamuflasje[endre | endre wikiteksten]

Ein kamuflert militær skarpskyttar

I rundt 100 år har militære institusjonar utnytta effekten av kamuflasje. Føremålet er å gjere objektet verre å oppdage, verre å skilje ut frå omgjevnadane og å gjere ei mengd av slike objekt vanskeleg å telje.

Kamuflasjeteknikken inneber å gjere forma utydeleg ved å manipulere kontur, farge og mønster. Farga skal skilje seg lite frå miljøet, og mønsteret skal medverke til å skjule konturane av objektet. Den menneskelege hjernen er konstruert slik at den har problem med å tolke observasjonen som eit objekt skilt frå omgjevnadane om mønsteret bryt opp konturane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kamuflasje