Kanadagullris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kanadagullris


Solidago canadensis 20050815 248.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: Solidago
Art: S. canadensis
Vitskapleg namn
Solidago canadensis

Kanadagullris (Solidago canadensis) er ei plante i korgplantefamilien. Arten høyrer opphavleg til i Nord-Amerika og vart innført til Europa. I Noreg har arten vore nytta som staude i hagar frå tidleg på 1800-talet.

Planta kan bli over 1 meter høg og blomstrar i juli og august månad. Arten har i løpet av nokre tiår spreidd seg over store delar av Sør-Noreg og opp til Nordland. Kanadagullris kan utkonkurrere andre artar og kan dekke store område, spesielt der det er god tilgang på lys.

Skog av kanadagullris

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Planta er ei fleirårig, urteaktig plante med ein opprett og teppedannende vokster. Stenglane er opprette, fint håra, margfylte og sirkelrunde i tverrsnitt. Blada sit spreidd opp langs stengelen, slik at dei største sit lengst nede. Dei er lanseforma og sagtakka på den ytterst. Oversida er lysegrøn, medan undersida er litt meir gråleg på grunn av eit fint hårlag. Blomstringa skjer i juli-oktober, der ein finn blomstrane samla i bittesmå korger (3 mm i diameter) som sit samla i ein forgreina, endestilt stand med overhengande sidegreiner. Dei einkilde korgene består av røyrforma skivekroner og randkroner med ei tungeforma, samanvokse krone av gule kronblad. Frukta er nøtter med ein liten fnokk.

Kanadagullris spreier seg både ved frø, men òg ved jordstenglar.

Rotnettet består av krypande jordstenglar og trevlerøter. Etter den første årsveksten dannar planta ein 5-12 cm lang jordstengel, og frå spissen av jordstengelen skyt det ein ekstra stengel til værs. Dette blir gjentatt kvart år. Planta kan dessutan formere seg ved frø. Den er blir bestøvd av insekter og frøa blir spreidde med vinden. Frøa modnar utpå hausten og blir frigjort i løpet av den følgjande vinteren. Dei fell for det meste innanfor ein radius av 2 m frå morplanta.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten har si naturlege utbreiing er i det sørlege Canada og i det austlege, sentrale og søraustlege USA. Der er den knytt til den frodige delen av prærien (”tallgrass prairie”) og lysopne skogar eller fuktige enger, der det er fuktig og relativ næringsrik jord. Arten optrer ofte som pionerplanteruderatmark, langs vegkantar og på mark som ligg brakk.

Invasiv art og svarteliste[endre | endre wikiteksten]

Kanadagullris (og den nærtståande arten Sildig Gullris) er under spontan spreiiing både i Noreg og Danmark. Arten blir rekna for å vere invasiv og den bør derfor ikkje plantast i hagar. I staden bør den utryddast. Det skjer mest effektivt ved at slå den ved Jonsoktider.[1]

Arten står på lista over framande artar frå 2007 og 2012 som er utarbeidd av Artsdatabanken,[2][3]. Kanadagullris er vurdert som ein særs høg risikoart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kanadagullris