Kanadarøye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kanadarøye


Svartelista i Noreg: Svartelista i Noreg Høg risiko for lokalt biologisk mangfald

Kanadarøye
Kanadarøye

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Salmoniformes
Familie: Salmonidae
Slekt: Salvelinus
Art: S. namaycush
Vitskapleg namn
Salvelinus namaycush
Kanadarøye
Namn på andre språk
Svensk Canadaröding
Engelsk Lake trout, mackinaw, lake char, touladi, togue, grey trout
Tysk Amerikanische Seesaibling, Amerikanische Seeforelle, Kanadische Seeforelle
Fransk Omble du Canada, truite grise, touladi

Kanadarøye er ein laksefisk som lever i mange innsjøar i Nord-Amerika. Ho er òg utsett mange andre stadar som sportsfisk, m.a. i Trøndelag og på Austlandet. Norsk svarteliste 2007 vurderer ho som ein høgrisikoart fordi ho kan gjera så store innhogg i dei naturlege bestandane av aure og røye.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Som andre røyer har kanadarøya lyse prikkar på mørk grøn til grå botn, men fargen varierer med miljøet.Ryggen er alltid lyst marmorert, og halen er djupt kløfta. Arten har eit stort hovud og er svakt underbitt, og kan bli opptil 126 cm og 46 kg. Han høyrer difor mellom dei største reine ferskvasslaksefiskane.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Kanadarøya trivst både i grunt og djupt vatn, og er ein vandrande art. Sidan dei for det meste er reine ferskvassfisk (opptrer ein sjeldan gong i brakkvatn) vert vandringane avgrensa av storleiken på vassdraget og den einskilde fisken.

Kanadarøye er rovfisk som et eit vidt spekter av ulike dyr: fisk, krepsdyr, insekt, ferskvassvampar og små pattedyr, men nokre bestandar et plankton heile livet. Desse populasjonane veks sakte, vert tidlegare kjønnsmogne og døyr relativt unge sett i høve til dei som et fisk.

Gytinga skjer om natta, når på året ho skjer varierer med utbreiingsområdet. Hannane kjem til gyteplassen først og brukar tid på å vaska stein. Når hoene kjem nokre dagar seinare tek hannane til å kurtisera dei ved å pressa seg mot dei og skjelva. Egga fell ned i holrom på botnen, og dei gytande skiljast. Prosessen vert oppatteken heilt til hoa er tom for egg. Stundom kan så mange som sju hannar og tre hoer delta i ein stor massegytingsseanse.

Kanadarøye i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Kanadarøya kom til Noreg tidleg på 1970-talet, då yngel frå eit klekkeri i Sverige vart sett ut i Rømmervatna, Kvesjøen og Murusjøen i Lierne. Den dag i dag er det formeiringsdyktige bestandar her. Dette vassdraget renn vidare ut i den svenske Ångermanälven, så vidare norsk spreiing vil ikkje kunne skje derifrå. I dag har ein likevel funne arten både i ni innsjøer i Nord-Trøndelag, og i Tunnsjøen (Lierne) og Limingen (Røyrvik). Om fisken formeirar seg her er framleis uklart.

Ved Oslo blei kanadarøye sett ut i Lutvann og Nøklevann som eit eksperiment i 1985. I alle fall i Lutvann ser det ut til å førekomma gyting. Det føreligg òg nokre usikre observasjonar frå Maridalsvatnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]