Kanadisk vin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edit-find-replace.svg Ikkje omsett: Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett frå engelsk enno. Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!
Område med druedyrking i Canada

Kanadisk vin er hovudsakleg produsert i den sørlege delen av British Columbia og i den sørlege delen av Ontario. Det er i tillegg eit veksande tal med små produsentar av druer og vin i den sørlege delen av Quebec og Nova Scotia. Dei to største vinregionane i Canada er Okanagan Valley i British Columbia og Niagarahalvøya i Ontario. Andre vindistrikt i British Columbia er Similkameendalen, Fraser Valley-området nær Vancouver, sørlege delen av Vancouverøya og Gulf Islands. Andre område i Ontario inkluderer breidda av Eriesjøen og Prince Edward County.

Den kanadiske vinindustrien lagar òg vin på importerte druer og saft. Desse produkta er merka Cellared in Canada og dei treng ikkje oppfylle dei strenge krava til innhald gitt av Vintners Quality Alliance.

Icewine, som kan bli produsert i nesten alle vindistrikta i Canada, spesielt i Okanagan Valley, er det mest kjente produktet internasjonalt. Canada produserte 75,9 millionar liter vin i 2002 (0,3% av verdsproduksjonen).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vinmarker nær Lake Okanagan i British Columbia

Kanadisk vin har blitt produsert i meir enn 200 år. Dei første nybyggjarane prøvde å dyrke druer av arten Vitis vinifera frå Europa, men dei lykkast ikkje i større grad. Dei fann det naudsynt å fokusere på dei lokale artane Vitis labrusca og Vitis riparia saman med ulike hybridar. Men marknaden for slik vin var avgrensa på grunn av den spesielle smaken på slik vin og som ofte er kalla "foxy". Derimot er denne smaken mindre dominerande når druesafta blir nytta til å framstille port- og sherrytype vin.

I løpet av den første halvdelen på 1900-talet førte fråhaldsrørsla, og seinare forbrukaretterspurnad etter oppsprita og søte vinar, til at det ikkje vart utviklinga av ein kvalitetsbordvinindustri. Men på 1960-talet skifta etterspørsla frå søte og oppsprita vinar til tørre bordvinar med lågt alkoholinnhald. Samstundes vart vinproduksjonsteknikken monaleg betre, det vart tilgang på betre druesortar og sjukdomsresistente klonar. I tillegg kom det i gang systematisk forsking innan vinavl.

Etter at alkoholforbodet i Canada vart avvikla i 1927, avgrensa provinsane sterkt talet på lisensar på produksjon av vin. Eit nær 50-årig moratorium på å tildele nye lisensar på produksjon av vin vart endeleg avvikla i 1974. I løpet av det same tiåret begynte forsøksplantingar å syne at Vitis vinifera kunne dyrkast i Canada. Andre dyrkarar fann at vin av høg kvalitet kunne bli produsert frå Vitis vinifera dersom vinstokkane vart dyrka med redusert avling, nye trellising techniques og riktig canopy management.

I 1988 skjedde tre viktige ting: det vart inngått frihandelsavtale med USA, Vintners Quality Alliance-standaren (VQA) vart skipa og eit større vinstokk-utskifting og oppgraderingsprogram vart sett i gang. Kvar av desse hendingane førte på ein eller annan måte til å betre livskrafta til vinindustrien i Canada.

I løpet av 1990-åra, heldt kanadiske vinmakarar fram med å syne at fine druesortar dyrka i kjølig klima kunne potensielt ha kompleks smak og lukt, delikate og likevel tydelege aromaar, tett fokusert struktur og lengre aldringspotensiale enn vinar frå varmare delar av verda.

Marknadsdel innanlands[endre | endre wikiteksten]

Kanadisk vin har mindre enn 50 prosent av den kanadiske vinmarknaden, noko som gjer at Canada er eit av berre få vinproduserande land der den innanlandske produksjonen ikkje er den dominerande i marknaden. Vin har generelt tatt ein aukande marknadsdel i høve til andre alkoholhaldige drikkar (øl og brennevin): sidan slutten på 1990-talet. Vin har auka marknadsdelen frå 21% til 28% og sidan 2007 har vinsalet auka med 9,5% til 5 milliardar kanadiske dollar.[1]

Medan det er mange små kanadiske vinprodusentar, har heimemarknaden lenge vore dominert av to selskap, Vincor International og Andres Wines. I 2006 vart Vincor International, som hadde vakse sterkt tidlegare gjennom oppkjøp av vinprodusentar i California, Australia og New Zealand, sjølv overtatt av Constellation Brands, eit USA-basert selskap og eit av dei viktigaste selskapa innan konsolidering av verdas vinindustri.

Eksport[endre | endre wikiteksten]

Ein del kanadisk vin blir eksportert til USA, Europa og fjerne Austen. Totalt var eksporten på 21,1 millionar dollar i 2009.[2] Vineksporten til USA var i 2001 på 4,9 millionar amerikanske dollar. Icewine er det viktigaste eksportproduktet for kanadiske vingardar og utgjer over halvparten av eksporten i dollar. Spesielt gjeld dette den oversjøiske eksporten. Dei største importørane er dei asiatiske landa, særskilt Kina med 8,6 millionar dollar berre av icewine i 2009 og Sør-Korea med 2,5 millionar dollar.

«Cellared in Canada»-kontroversen[endre | endre wikiteksten]

Seint i 2009 kom det både lokal og internasjonal kritikk av bruken av merket «Cellared in Canada» og mot LCBO. Under etiketten «Cellared in Canada», kan kanadiske vinprodusentar importere pre-fermenterte druer og most av druer dyrka i andre land for å produsere vin som skal seljast med deira eigen vinetikett. I Ontario har produsentane lov til å merke desse vinane som at dei er laga eller "cellared" i Canada dersom dei inneheld minst 30% druer som er dyrka lokalt i Ontario. I British Columbia treng ikkje dyrkarane ha lokalt dyrka druer i vinen. Druedyrkarar i Ontario tok til å protestere mot denne praksisen som dei såg på som ein trussel mot deira eiga næring i Ontario. Dei hevda at tusenvis av tonn med kanadiske druer rotna på vinstokkane på grunn av at vinprodusentane nyttar importerte druer til å lage vin som er merka som kanadisk. Vinprodusentane som ikkje nyttar «Cellared in Canada»-merkinga kritiserte denne praksisen og hevda at det sverta ryktet til kanadisk vin og at forbrukarane vart førte bak lyset. Produsentar og druedyrkarar i Canada har bede regjeringa om å gjere fleire endringar i denne bruken slik at dyrkingstaden for druene kjem tydelegare fram på etiketten og å gjere den vinen som er 100 % kanadisk og produsert av medlemmer av Vintners Quality Alliance (VQA) meir synleg i utsala som blir drivne av provinsen.

I august 2009 hadde utsala hos LCBO i Ontario mindre enn 2,5% kanadisk vin produsert av medlemar i VQA. Størstedelen av vinene i utsala var produsert under merket "Cellared in Canada" med opptil 70% utanlandske druer.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Vidare lesing[endre | endre wikiteksten]

  • Tony Aspler. (1999). Vintage Canada: The Complete Reference to Canadian Wines, 3rd Edition. McGraw-Hill Ryerson. ISBN 0-07-086043-2.
  • John Schreiner. (2005). The Wines of Canada. Mitchell Beazly an imprint of Octopus Publishing Group Limites. ISBN 1-84533-007-2.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Red, red wine: Health pros and cons
  2. http://www.ats.agr.gc.ca/asi/4398-eng.htm
  3. K. Ejbich "Protest Mounts Over "Cellared in Canada" Wines" Wine Spectator, August 28, 2009

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]