Kanaløyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 49°24′N 2°21′W

Kanaløyane
Land Mal:Landdata Jersey, Guernsey
Areal 198 km²
Folketal 163 857 (2012)
Kart
Kanaløyane
49°26′ N 2°21′ W
Wikimedia Commons: Channel Islands
Satellittbilde av Den engelske kanalen og Kanaløyane.

Kanaløyane er ei øygruppe i Den engelske kanalen som ligg utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Øyane er britisk kroneigedom, men er ikkje rekna som del av Storbritannia. Dei er heller ikkje medlemmer av EU. På øyane har ein tradisjonelt snakka normanniske språk, men desse byrja å vika for engelsk på 1800-talet.

Kanaløyane er ein gjenverande del av hertugdømet Normandie og er direkte underlagt den britiske monarken som hertug av Normandie. Dei er delt inn i to bailiwicks, eller futedøme. Innbyggjarane har britiske pass med tittelen «British Islands, Bailiwick of Jersey» eller «British Islands, Bailiwick of Guernsey», til forskjell frå dei andre britane, som har «United Kingdom» på passa sine.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Bailiwick of Guernsey:

Bailiwick of Jersey:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kanaløyane