Kandidatturnering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kandidatturneringa var ei sjakkturnering som vart arrangert av verdssjakkforbundet FIDE kvart tredje år. Kandidatturneringa var siste steget i prosessen med å kåre ein utfordrar til verdsmeistaren i sjakk. Vinnaren av kandidatturneringa fekk såleis året etterpå spele VM-kamp mot den regjerande verdsmeistaren.

Talet på deltakarar i turneringa varierte, frå åtte til femten. Dei fleste av deltakarane kvalifiserte seg frå Intersoneturneringa i sjakk, men nokre få var kvalifiserte på anna vis, typisk taparen av førre VM-kamp og nr 2 i førre kandidatturnering.

Den første syklusen med soneturneringar, intersoneturnering og kandidatturnering begynte i 1948. Fram til 1962 vart kandidatturneringa arrangert som ei turnering alle mot alle. Frå 1965 vart kandidatturneringa arrangert som utslagskampar, etter eit cup-system - på fleire spelestadar og spreidd over mange månader. I 1995-96 måtte regjerande meister også bli med i kandidatturneringa. Vinnaren av turneringa vart dermed FIDE verdsmeister.

FIDE slutta med kandidatturneringa etter 1996, sjølv om den var tilbake i ei noko endra form i samband med kvalifiseringa til verdsmeisterskapen i sjakk 2007.

Etter at Garri Kasparov braut med FIDE i 1993 arrangerte hans organisasjonar tre kandidatturneringar, med ny sponsor kvar gong. Den tredje gongen vann Alexei Shirov kandidatfinalen i 1998 mot Vladimir Kramnik. Shirov fekk likevel ikkje spele VM-kamp mot Kasparov. I staden fekk Vladimir Kramnik spele VM-kampen i 2000, etter omstende som har vore mykje diskuterte.

Resultata i kandidatturneringane[endre | endre wikiteksten]

1950: Budapest 10 spelarar, dobbelt runde alle mot alle: Bronstein, Szabo, Boleslavsky, Kotov, Lilienthal, Najdorf, Ståhlberg, Flohr, Bondarevskij, Smyslov, Keres, Euwe, Reshevsky, Fine Vinnar: Bronstein, etter stikkamp mot Boleslavsky)

1953: Zürich 15 spelarar, dobbelt runde alle mot alle: Kotov, Taimanov, Petrosjan, Geller, Averbakh, Ståhlberg, Szabo, Gligoric, Bronstein, Boleslavsky, Smyslov, Keres, Najdorf, Reshevsky, Euwe Vinnar: Smyslov

1956: Amsterdam 10 spelarar, dobbelt runde alle mot alle: Bronstein, Keres, Panno, Petrosjan, Geller, Szabo, Filip, Pilnik, Spasskij, Smyslov Vinnar: Smyslov

1959: Jugoslavia 8 spelarar, firedobbel runde alle mot alle: Tal, Gligorić, Petrosjan, Benko, Olafsson, Fischer, Smyslov, Keres Vinnar: Tal

1962: Curaçao 8 spelarar, firedobbel runde alle mot alle: Fischer, Geller, Petrosjan, Kortsjnoj, Filip, Benko, Tal, Keres Vinnar: Petrosjan

1965: Åtte spelarar, tvekampar, cup-system: Smyslov, Larsen, Spasskij, Tal, Ivkov, Portisch, Keres, Geller Vinnar: Spasskij

1968: Åtte spelarar, tvekampar, cup-system: Larsen, Kortsjnoj, Geller, Gligorić, Portisch, Reshevsky, Spasskij, Tal Vinnar: Spasskij

1971: Åtte spelarar, tvekampar, cup-system: Fischer, Larsen, Geller, Hübner, Taimanov, Uhlmann, Petrosjan, Kortsjnoj Vinnar: Fischer

1974: Åtte spelarar, tvekampar, cup-system: Kortsjnoj, Karpov, Byrne, Mecking, Portisch, Polugajevskij, Spasskij, Petrosjan Vinnar: Karpov

1977: Åtte spelarar, tvekampar, cup-system: Larsen, Petrosjan, Portisch; Mecking, Polugajevskij, Hort, Kortsjnoj, Spasskij Vinnar: Kortsjnoj

1980: Åtte spelarar, tvekampar, cup-system: Tal, Polugaevsky, Adorján; Portisch, Petrosjan, Hübner, Kortsjnoj, Spasskij Vinnar: Kortsjnoj

1983: Åtte spelarar, tvekampar, cup-system: Ribli, Smyslov; Kasparov, Beljavskij; Portisch, Torre, Kortsjnoj, Hübner Vinnar: Kasparov

1985: Montpellier: 16 spelarar, alle mot alle. Dei 4 fremste spelte deretter tvekampar, vinnaren spelte deretter finale mot taparen frå førre VM-kamp. Vaganjan, Seirawan, Sokolov, Short; Timman, Nogueiras, Tal, Spraggett; Jusupov, Beljavskij, Portisch, Tsjernin, Karpov, Kortsjnoj, Ribli, Smyslov, Spasskij Dei 4 første i turneringa (Jusupov, Vaganjan, Sokolov, Timman) spelte tvekampar, vinnaren (Sokolov) spelte deretter mot Karpov Vinnar: Karpov

1988: 15 spelarar, tvekampar, cup-system, Karpov fekk starte direkte i andre runde: Sax, Short, Speelman; Salov, Hjartarson, Portisch; Kortsjnoj, Seirawan, Ehlvest, Karpov, Sokolov, Timman, Vaganjan, Yusupov, Spraggett Vinnar: Karpov

1991: 15 spelarar, tvekampar, cup-system, Karpov fekk starte direkte i andre runde: Gelfand, Ivantsjuk, Anand, Sax, Short, Kortsjnoj, Hübner, Nikolić, Judasin, Dolmatov, Drejev, Karpov, Timman, Jusupov, Speelman Vinnar: Short

1994: "Det klassiske VM", 8 spelarar, tvekampar, cup-system: Adams, Anand, Kamsky, Kramnik, Tivjakov, Gulko, Romanisjin, Short Vinnar: Anand

1997: Verdssjakkforbundet FIDE 12 spelarar spelte 2 runder med tvekampar, dei 3 vinnarane og Karpov spelte semifinale og finale: Gelfand, Van der Sterren, Kamsky, Khalifman, Adams, Judasin, Salov, Lautier, Kramnik, Anand, Timman, Jusupov Dei 3 vinnarane: Gelfand, Kamsky, Salov.

VM-finale, Elista: Karpov, Kamsky 10,5-7,5

1998: Cazorla: "Det klassiske VM", tvekamp: Kramnik, Shirov Vinnar: Shirov med 5.5–3.5

2002: Dortmund: "Det klassiske VM": To grupper med 4 spelarar spelte dobbel alle mot alle, dei to beste frå kvar gruppe spelte to runder med tvekampar, cup-system: Barejev, Adams, Leko, Morozevitsj, Topalov, Shirov, Gelfand, Lutz Vinnar: Leko

2007: 16 spelarar, tvekampar, 2 utslagsrunder - dei 4 vinnarane til VM: Aronian, Barejev, Carlsen, Gelfand, Gurevitsj, Grisjtsjuk, Kamsky, Malakhov, Ponomarjov, Rublevskij, Kasimdzjanov, Leko, Adams, Polgar, Shirov, Bacrot Vinnarar: Aronian, Gelfand, Grisjtsjuk, Leko

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]