Kaninhopping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaninhopping

Kaninhopping er ein dyresport der ein førar leier ein kanin gjennom ein oppmerkt bane med hinder. Kaninhopping starta i Sverige på 1970-talet. I Noreg er det først og fremst ein hobby for barn og unge mellom 7 og 25 år, særleg jenter, men det finst også eldre og mannlege deltakarar.

Kaninhopping består av fire offisielle greiner: rett, krokete, lengd og høgd. Innan greinene rett og krokete finst det igjen fire klassar; Lett, middels, vanskeleg og elite. I lett-klassen er det åtte hinder på opptil 28 cm. I middels er det ti hinder på opptil 35 cm. I vanskeleg er det ti hinder på opptil 42 cm. I elite er høgda på 50 cm, og då er det tolv hinder.

Kaninhopping i Noreg er organisert av Norges Kaninhoppforening (NKHF), stifta i 1994.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]