Kanne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kanne med tut, hank og bein frå det kinesiske zhou-dynastiet (1000-200-talet f.Kr.).
Japansk tekanne med tut og hank på sida.
Kanne er eit ilåt ein kan skjenka med, og eit gammalt norsk holmål.
Mål [endre]
Holmålet kanne kan ha ulik storleik:
- For smør, tran og øl er ei kanne brukt om mål som tilsvarte ein bolle, det vil seie omkring 2,7 liter — dømesvis seier kjelder frå Sunnfjord på 1500-talet at ei tønne tran tok 45 kanner, og ei kanne tok 12 merker, og i Nord-Noreg var ei kanne smør (12–16 merker) vanleg utrustning til lofotfisket. Denne måleininga kan også kallast «bondekanne».
- 1 kanne brennevin var rekna rundt 2 liter; 1 kanne vin var lik to potter, etter dagens mål nøyaktigare utrekna til 1,93 liter.
- Som kornmål i Hardanger og Nordhordland var 1 kanne truleg lik 1/48 tønne, det vil seie 4,05 liter.
Ilåt [endre]
Skjenkekanner eller mugger kan brukast til ulike væsker. Dei har som regel ein tut til å skjenka av og hank til å bera og halda i. Mange kanner har også lok. Kanner av ulike utformingar kan brukast til drikke, som te og kaffi. Det finst kanner med særskilde eigenskaper: Ei termokanne eller tv-kanne er ei kanne med termoseigenskapar. Ei trakte- eller trektekanne er del av ein kaffitraktar.
Kanner kan også brukast til andre væsker, som bensin- eller jerrykanne til bensin og vasskanne til å frakta vatn og vatna med.
Kjelder [endre]
- Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, Rosenkilde og Bagger 1956/1978
- Kanne i Historisk leksikon
- «kanne» i Nynorskordboka til Dokumentasjonsprosjektet.
- «bondekanne» i Nynorskordboka til Dokumentasjonsprosjektet.