Kanozero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kanozero
Kanozero -
{{{karttekst}}}
Stad Murmansk Oblast
Koordinatar 67°12′N 35°08′EKoordinatar: 67°12′N 35°08′E
Tilsig Umba
Utsig Umba
Tilknytte land Russland
Største lengde 32 km
Største breidde 6 km
Høgd over havet 52 moh

Kanozero (russisk Канозеро) er ein innsjø langs elva Umba i Murmansk oblast i Russland.

Innsjøen er 32 km lang og 3-6 km brei. Han ligg om lag halvvegs mellom innsjøen Umbozero og Kvitsjøen. Umba renn ut i innsjøen på austsida, om lag 5 km frå nordenden. To av dei største sideelvane til Umba, Kana og Muna, renn ut i Umba via Kanozero.

Innsjøen har to utsig. Ved Zasjejek-Kanozero heilt sør i innsjøen går Rodvinga-kanalen ut via Kanoserskijfossane, medan Kitsakanalen 5 km lenger nordaust renn ut over Padunfossane. Kanalane renn saman i innsjøen Pontsjozero om lag 10 km lenger nede.

Kanozero er òg kjend for Kanozero-helleristningane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]