Kansai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser Kansai i Japan.

Kansai eller Kinki er ein tradisjonell japansk region som ligg sentralt i den austlege delen av den japanske hovudøya Honshu. Regionen omfattar prefektura Mie, Nara, Wakayama, Kyoto, Osaka, Hyogo og Shiga, og i nokre høve også Fukui, Tokushima og tidvis Tottori. Området hadde i 2008 22 732 176 innbyggjarar. Byane Osaka, Kobe og Kyoto utgjer saman storbyområdet Keihanshin som er Japans nest største tettstad, etter Stor-Tokyo.

Regionen er avgrensa av innlandssjøen Seto i vest og Dei japanske Alpane (for Kansai) eller Isebukta (for Kinki) i vest. I nord har han kyst mot Japanhavet og i sør mot Stillehavet med Kii-halvøya. Den største innsjøen i Japan, Biwa, ligg i Kansai.

Kansai blir ofte sett opp mot Kantoregionen i aust, som omfattar Tokyoområdet. Skiljet har historiske røter, særleg frå Edotida, då kjøpmannsbyen Osaka stod i sterk kontrast til den samuraiprega shogunhovudstaden Edo. Til forskjell frå Kanto blir Kansai halde fram som eit døme på ulike eigenskapar, med handelsliv i Osaka, historie i Nara, storbyliv i Kobe og elles straumningar for motkultur i Japan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]