Kantele

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kantele

Kantele med 36 strenger
Klassifiseringbaltiske psalter
Hornbostel-Sachs klassifisering314.122-5

Kantele er eit finsk strengeinstrument i siterfamilien. Det er det finske nasjonalinstrumentet, og vert omtala fleire stadar i det finske nasjonaldiktet Kalevala.

Kantele kan ha alt frå 5 til 46 strenger. Ein brukar fingertuppane og klimprar på strengane for å spela. På dei minste kantelane brukar ein berre ei hand, høgrehanda. Denne handa spelar da melodistemme. Dei minste kantelane har ein i fanget når ein spelar på dei. Om ein har ei større kantele må ein legge henne på eit bord, og brukar da begge hendene til å spele på henne. Høgrehanda spelar melodi, medan venstrehanda har ein akkompagnerande funksjon. Ein veit ikkje mykje om musikken frå gamal tid, men reknar med at kantelen vart brukt mykje for å akkompagnera song.