Kantjendjunga naturvernområde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kantjendjunga

Kantjendjunga naturvernområde er eit landskapsvernområde i Himalaya nordaust i Nepal, i Taplejung distrikt. Verneområdet blei skipa i 1998 og dekkjer rundt 2 035 km². Det omfattar to av toppane til verdas tredje høgaste fjell, Kantjendjunga, og områda rundt. I nord grensar verneområdet mot det tibetanske verneområdet Qomolangma og i aust mot det indiske Khangchendzonga nasjonalpark i Sikkim.

Solnedgang på Kantjendjunga. Bilde frå 1905.

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Naturvernområdet er prega av subtropisk planteliv i høgfjellsområde relativt lågare åsar. Det har mykje rhododendronskog med 23 ulike identifiserte rhododendronartar. Elles finst einer, lerketre som Larix griffithiana, gran som Abies spectabilis, hemlokk som Tsuda dumosa og lengre ned lauvtre som eik, Castanopsis, Tetracentron, Magnolia campbellii, Osmanthus suavis og lønnetreet Acer campbellii.[1]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Av pattedyr som lever i området kan nemnast snøleopard, leopardkatt, brillebjørn og raud panda. I 2012 blei ein leopardkatt filma med kamerafelle på 4500 meters høgd, det høgaste ein har observert dette kattedyret.[2]

Fuglar som finst i naturvernområdet er mellom anna tibethøne (Tetraogallus tibetanus), blodfasan (Ithaginis cruentus), gullfulvetta (Lioparus chrysotis) og alpekråke (Pyrrhocorax pyrrhocorax).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kanchenjunga Conservation Area», HKH Conservation Portal, icimod.org
  2. WCN (2012). Leopard Cat found at 4500m Arkivert 2014-03-22 ved Wayback Machine.. Wildlife Conservation Nepal.
  3. Bhuju, U. R., Shakya, P. R., Basnet, T. B., Shrestha, S. (2007). Nepal Biodiversity Resource Book. Protected Areas, Ramsar Sites, and World Heritage Sites. International Centre for Integrated Mountain Development, Ministry of Environment, Science and Technology, in cooperation with United Nations Environment Programme, Regional Office for Asia and the Pacific. Kathmandu, Nepal. ISBN 978-92-9115-033-5
*Kanchenjunga Conservation Area Arkivert 2014-03-23 ved Wayback Machine., forestrynepal.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]