Kantonen Appenzell
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||||||||||||||||||||
Appenzell var ein sveitsisk kanton som bestod frå 1513 til 1597.
Allereie i 1411, medan Appenzell framleis var underlagt fyrsteabbediet St. Gallen, hadde landskapet vorte eit assosiert medlem (zugewandter Orter) av Det gamle sveitsiske eidssambandet. 1429 vart Appenzell uavhengig av St. Gallen, 1507 riksumiddelbar og 1513 det 13. medlemmen av eidssambandet.
I løpet av motreformasjonen vart Appenzell i 1597 delt i to kantonar: det protestantiske Appenzell Ausserrhoden og det katolske Appenzell Innerrhoden. Fram til 1999 vart Appenzell Ausser- og Innerrhoden omtalt som «halvkantonar», men dette omgrepet er no stroke frå den sveitsiske grunnlova. Appenzell (eller Appenzellerland) nyttast framleis som samleomgrep på begge kantonane.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Appenzell (kanton)» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mars 2012.