Kantonen Fribourg
| Fribourg Tysk: Freiburg Fransk: Fribourg Italiensk: Friburgo Retroromansk: Friburg |
|
|---|---|
| Hovudstad | Fribourg |
| Folketal | 278 493 (2011) |
| Areal | 1 670,7 km² |
| Folketettleik | 167/km² |
| Forkorting | FR |
| Kanton sidan | 1481 |
| Høgaste topp | Vanil Noir (2389 moh) |
Fribourg er ein kanton i det vestlege Sveits, på søraustsida av Neuchâtelsjøen. Kantonen har eit areal på 1 671 km2, og hadde 273 159 innbyggarar i 2009. Byen Fribourg er hovudstad i kantonen.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Fribourg grensar til kantonane Bern i nord og aust, og Vaud i sør og vest. På motsett side av Neuchâtelsjøen ligg kantonen Neuchâtel. Fribourg har tre eksklavar i Vaud og ein i Bern, medan Bern har to enklavar i Fribourg.
Landskapet er ganske flatt i den vestlege delen av kantonen, medan det i aust stig opp og inn i Bern-Alpane. Neuchâtelsjøen på 429 moh er det lågastliggande punktet i kantonen, medan den 2 389 meter høge fjelltoppen Vanil Noir på grensa mot Vaud er det høgste punktet. Elva Saane renn frå sør til nord gjennom kantonen, ho samlar opp i seg størstedelen av nedbøren i kantonen. I nordvest grensar Moratsjøen opp mot kantonen.
Språk og samfunn [endre]
16,7 % av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Fransk er det mest utbreidde talemålet i Fribourg, om lag to av tre er fransktalande. Resten talar ulike alemanniske dialektar. I kring 70 % av folket soknar til den romersk-katolske kyrkja, og ei 15 % er protestantar.
Distrikt og kommunar [endre]
Fribourg består av 168 kommunar som er samanslutta i sju distrikt. Dei sju distrikta er; Broye, Glâne, Gruyère, Sarine, Lac, Sense og Veveyse.
Dei største byane er kantonshovudstaden Fribourg og Bulle.
Historie [endre]
Kantonen Fribourg slutta seg til den sveitsiske konføderasjonen i 1481. Området består av land som hovudstaden Fribourg har skaffa seg. Dagens storleik/flatevidd vart nådd i 1803 då kommunen Murten vart lagt til kantonen, mot viljen til dei fleste innbyggarane på staden.
Kantonen Fribourg slutta seg i 1846 til separatististrørsla av katolske kantonar, det såkalla Sonderbund. Etter den sveitsiske borgarkrigen i 1847, overgav Fribourg sine troppar seg til den føderale hæren.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Canton of Fribourg» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2011.
Bakgrunnsstoff [endre]
| Kantonane i Sveits | |
|---|---|
| Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich | |