Kantonen Jura
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Jura Tysk: Jura Fransk: Jura Italiensk: Giura Retroromansk: Giura |
|
|---|---|
| Hovudstad | Delémont |
| Språk | fransk |
| Folketal | 70 197 (2011) |
| Areal | 838 km² |
| Folketettleik | 84/km² |
| Forkorting | JU |
| Kanton sidan | 1979 |
| Høgaste topp | 1302 m (Mont Raimeux) |
Republikken og kantonen Jura (fr. République et Canton du Jura) er den nyaste av kantonane i Sveits og ligg i den nordvestlege delen av landet. Hovudstaden i kantonen er Delémont.
Distrikt og kommunar [endre]
Jura omfattar tre distrikt, som er delt opp i til saman 83 kommunar. Dei tre distrikta er Delémont, Porrentruy og Franches-Montagnes.
Samfunn og soge [endre]
Fransk språk er kantonsspråk. Den einaste kommunen som er tyskspråkleg er Ederswiler i nordaust.
Dei fleste innbyggarane i Jura soknar til den romersk-katolske kyrkja.
Jura vart skilt ut frå kantonen Bern i 1979 etter lang tids strid. Bern er hovudsakleg tyskspråkleg og protestantisk, medan Jura er franskspråkleg og katolsk.
Sjå òg [endre]
- Tidsperioden Juratida, som har namn etter Jurafjella. Desse ligg delvis i kantonen Jura.
| Kantonane i Sveits | |
|---|---|
| Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich | |