Kantonen Neuchâtel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neuchâtel
Tysk: Neuenburg
Fransk: Neuchâtel
Italiensk: Neuchâtel
Retroromansk: Neuchâtel

Våpenet til Neuchâtel

Kart som viser kor i Sveits Neuchâtel ligg.

Hovudstad Neuchâtel
Folketal 172 021 (2011)
Areal 802,93 km²
Folketettleik 214/km²
Forkorting NE
Kanton sidan 1815
Høgaste topp Chasseral (1552 moh)

Neuchâtel er ein kanton i det vestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 803 km2, og hadde 171 647 innbyggarar i 2009. Byen Neuchâtel er hovudstad i kantonen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over «sjøbreidda» og Neuchâtelsjøen frå Jurafjella
Distriktskart over Neuchâtel

Kantonen Neuchâtel grensar i nordvest til regionen Franche-Comté i Frankrike, og til kantonane Jura i nord, til Bern i nordaust og til Vaud i sørvest. Fribourg ligg på søraustbreidda av Neuchâtelsjøen. Distrikta Neuchâtel og Boudry vert ofte nemnt som Le Littoral («Sjøbreidda»), og La-Chaux-de-Fonds og Le Locle som Montagnes Neuchâteloises («Neuchâtelfjella»). Høgste punktet i kantonen, 1 552 moh, ligg ved fjellet Chasseral, fjelltoppen er i Bern. Lågastliggande punktet er Bielsjøen på 429 moh.

Språk og samfunn[endre | endre wikiteksten]

23,4% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Talemålet i Neuchâtel er i all hovudsak fransk. Tidlegare var kantonen dominert av protestantar, i dag utgjer dei 38& av folketalet. 31% av folket soknar til den romersk-katolske kyrkja.

Distrikt og kommunar[endre | endre wikiteksten]

Neuchâtel består av 6 distrikt, som er delt opp i til saman 62 kommunar. Dei seks distrikta er Boudry, La Chaux-de-Fonds, Le Locle, Neuchâtel, Val-de-Ruz og Val-de-Travers.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Neuchâtel var eit fyrstedømme under ulike dynasti frå 1000-talet. I 1815 gjekk fyrstedømmet inn i det sveistiske eidsforbundet. Neuchâtel vart då det første og det einaste fyrstedømet som har vore medlem av det republikanske Sveits. Etter ein fredfull revolusjon i 1848, vart Neuchâtel ein kanton. Same året gjekk Sveits over frå å vere eit eidsforbund til å verte sambandsstat. Den styrta fyrsten, kong Fredrik Vilhelm IV av Preussen, stod bak fleire motrevolusjonar, den alvorlegaste hende i 1856-57. Krisa enda med at prøyssarkongen måtte seie frå seg fyrstekravet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]