Kapıdağhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 40°27′34″ N 27°51′6″ E
Kapıdağhalvøya (Kapıdağ Yarımadası)
halvøy
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Marmara
Provins provinsen Balıkesir
Byar Erdek
stad Marmarahavet
 - koordinatar 40°27′34″ N 27°51′6″ E
Turkey location map.svg
Locator Red.svg

Kapıdağhalvøya (tyrkisk Kapıdağ Yarımadası) er ein tombolo nordvest i Anatolia som strekkjer seg ut i Marmarahavet i provinsen Balıkesir i Tyrkia. Halvøyar dannar Bandırmabukta i aust og Erdekbukta i vest.

Kapıdağ var i antikken øya Arctonnesus, men vart landfast via eit smalt eid i historisk tid av anten eit jordskjelv, eller i følgje segna, av Aleksander den store. Ho vert òg kalla Cyzicushalvøya, etter den største byen på halvøya.

Cyzicus vart fråflytta på grunn av ei rekkje kraftige jordskjelv, men var i 1303 og 1304 basen til Det katalanske austkompaniet og åstad for slaget ved Cyzicus i oktober 1303. Etter at ho vart erobra av Det osmanske riket, vart ho ein del av Erdek kaza i provinsen Bursa.

Stader[endre | endre wikiteksten]

Erdek, ein liten by ved kysten, ligg ved Erdekbukta på vestsida av halvøya. I Erdek ein marinebase for den tyrkiske marinen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]