Kapilar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kapilar (tamil கபிலர்) var ein tamilsk diktar frå den klassiske tida i Tamil Nadu. Medan han levde var han rekna som den kunnigaste diktaren i dei tamiltalande landa.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Lite er kjend om Kapilar sitt liv. Han var ikkje bunden til éin konge, som mange skaldar i tida hans var, men vandra mellom ulike kongedøme. Han var ofte hjå Vel Pari, velirhøvdingen for fyrstedømet Parampu, som han skildrar i dikta sine som ein god ven. Han spelte ei viktig rolle i forsvaret av Parampu i krigen mot dei sameina hærane frå Chola-, Chera-, og Pandiya-riket. Tamilske legendar seier at Kapilar lærte fuglane og smådyra opp til å henta riskorn frå åkrar i nærområdet, noko som lét Parampu overleva omleiringa i tre år.

Omleiringa slutta med drapet på Pari og nederlag for Parampu etter at nokre soldatar sveik landet sitt. Kapilar sine siste dikt i Purananuru skildrar korleis han tok Pari sine døtrer til fleire kongar for å finna makar til dei. Men kvar herskar nekta å gifta seg med dei, fordi dei reddast dei tre storkongane som hadde kjempa mot Pari. Kapilar spådde at rika deira ville verta til inkjes for vanvyrdnaden dei hadde vist han. Han gav døtrene til Pari i varetekt til nokre brahminar og drog til skogs. Overskrifta til det siste diktet han skreiv fortel at han døydde ved å svelta seg i hel etter vadakkirutthal-riten.

Dikt[endre | endre wikiteksten]

Mange av Kapilar sine dikt har overlevd i Ettutokai, åtte tradisjonelle samlingar av klassiske tamilske dikt. I tilleg har Kurinchippattu, ein lengre song, og Inna narpathu, ei samling av korte dikt som skildrar førti sorgbringande ting, også overlevd.

Det var sagt at Kapilar hadde ei særleg evne til å laga dikt på ståande fot med intrikat bruk av metaforar for å vekkja sterke kjensler. Dette diktet, som han kvede medan han forlét Parampu etter drapet på Pari, er eit døme:

Om den svarte vandrestjerna vart til røyk
og eldkuler kom til syne
og sylvvandrestjerna viste seg
i dei sørlege himlane
var fortsatt åkrane fulle av korn
og buskane av blomar
og vidaugde ville kyr
beitte på godt gras
med kalvar
ved sida av bygdehusa
og landet kjende aldri tørke
fordi dei gode rådde der
men det ligg aude no, det gode landet
der sjasminblomar med grøne lauvblad
voks som tennene til ein ung villkatt
då faren til ungmøyane
med vene armringar
rådde der.
-- Purananuru 117

Dikta som Kapilar skreiv på vanleg måte var kjende for ein delikat bruk av naturmetaforane som var kjernen i den klassiske tamilske diktingstradisjonen, noko dette diktet viser:

Det venninna hennar sa:
Det er sant
at ei kjensle så sterk
må falma
men, å, mann frå fjella
der, etter torande regn,
små fossar sildrar
søte og mjuke
Svinn godhugen heilt
når elskhugen døyr?
-- Kuruntokai 42

Metaforen av det torande ljodet av ein storm og det mjuke ljodet av småfossane som følgjar etter ein slik storm i det tamilske fjellandet er brukt her for å skildra korleis kjærleik utviklar seg. Sjølv om dei sterk, torande kjenslene kan ikkje vera i æve, kjem det likevel søte, mjuke kjensler i staden for dei.