Kapillarelektrometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lippmannelektrometer

Kapillarelektrometer er eit instrument til måling av ei elektrisk spenning ved hjelp av den forandringa som oppstår i overflatespenninga i ei kvikksølvoverflate mot fortynna svovelsyre, når kvikksølvet blir polarisert av hydrogen. I Ostwalds kapillarelektrometer er eit skrått kapillarrøyr smelta på ein kolbe, som inneheld lite kvikksølv med ei tilleiding og derover fortynna svovelsyre. Kvikksølvsøyla i kapillarrøret er knytt med ei anna tilleidning. Grenseflata vert observert gjennom ei lupe. Legg ein ei positiv spenning på den første tilleidninga, vandrar hydrogenion i svovelsyra mot grenseflata og polariserer han, og dermed forskyv kvikksølvoverflata seg i røyret. Kapillarelektrometeret er særs kjenslevart, men kan berre brukast for spenningar under 0,9 volt.

Kapillarelektrometeret vart konstruert av Gabriel Lippmann og forbetra av Wilhelm Ostwald.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]