Domkapittel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kapitél)

Domkapitel eller kapitél: (lat: capitulum ecclesiae cathedralis) ei forsamling av prestane som var knytt til ei domkyrkje. Oppgåva deira var å sikre ein verdig og høgtideleg liturgi. Dei einskilde medlemane av domkapitlet vart kalla kannikar. Leiaren av domkapitlet vart titulert som praepositus eller decanus og hadde eit leiaransvar.

Domkapitlet som domstol[endre | endre wikiteksten]

Domkapitlet var ein institusjon som hadde som si primære oppgåve å sørge for rett levesett og rett lære hjå prestar og tenarar i kyrkja, men skulle også ta seg av skulestell, hospital, fattighus, lærespørsmål m.m. Domkapitlet var eit organisert prestefellesskap, og fungerte både som kulturelt fellesskap, eigedomssfellesskap og juridisk domstol. Domkapitlet var ein gamal institusjon, frå andre halvdel av 1100-talet, og varte ved som ein del av kyrkjeordninga også etter reformasjonen. Domkapitlet fekk til dels nye oppgåver, men vart svekka utover 1600-talet. Sjølv om dei juridiske oppgåvene minka etter at eineveldet vart innført, heldt domkapitlet fram med å døme i ekteskaps- og sedløysesaker, og i saker som galdt den indre geistlege disiplinen. Når domsstolen dømde i ekteskaps- og sedløysesaker vart han også kalla Tamperett eller Kapittelrett, frå seint 1600-tal/tidleg 1700-tal med fellesnamnet Konsistorialrett. Når han dømde i saker mellom prestar og soknefolk, vart han kalla Prosterett. Domkapitlet som institusjon varte ved til domstolreformen i 1887, men var under avvikling heilt frå slutten av 1700-talet. På slutten av 1600-talet vart det også oppretta ein Sakristirett som dømde i lokale saker om rett livssførsel, utukt, lære osv.

Domkapittelprotokollar inneheld rettsreferat frå sakene, og handlar både om skilsmisser, embetstilsetjingar, trusdiskusjonar og usemje om økonomiske transaksjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Arkivmagasinet 2/09, side 22–26
  • Trykte domkapittelprotokollar: Stavanger Domkapitels Protocol 1571–1630, 1ste og 2det Hefte, Chr. 1897–1899

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]