Kapituleringa til Estland og Livland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Riga (1710)

Med kapituleringa av Estland og Livland i 1710 vart dei svenske maktområda Estland og Livland innlemma i Det russiske imperiet[1] etter den store nordiske krigen.[2] Adelen i Livland og byen Riga kapitulete den 15. juli 1710[3] Pernau (Pärnu) i august,[2] og den estiske adelen og byen Reval (Tallinn) den 10. oktober 1710.[3] Russland let dei lokale institusjonane vere og stadfesta dei tradisjonelle privilegia til den tyske adelen og borgarane, særleg med omsyn til protestantisk tru.[4]

Det svenske imperiet aksepterte formelt kapituleringane i freden i Nystad i 1721.[5] Overføringa av dei baltiske provinsane markerte slutten på Sverige som ei stormakt og byrjinga til Russland som ei.[6] Dei baltiske provinsane fekk halde den spesielle statusen sin til seint på 1800-talet.[7]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Under den store nordiske krigen kjempa August den sterke av Sachsen-Polen-Litauen og Peter den store av Russland i lag om å erobre og dele dei svenske områda i Baltikum med Preobrazjenskoje-traktaten i 1699.[8] Under krigen klarte Karl XII av Sverige å slå den russiske armeen i Narva i 1700, og følgde så August den sterke inn i Sachsen.[9] Då den svenske hovudarmeen var borte, klarte dei russiske styrkane å omgruppere seg og erobre dei fleste baltiske provinsane fram til 1710, då dei siste svenske skansane Riga, Reval og Pernau kapitulerte.[9] På denne tida var den svenske hovudarmeen utsletta, dei baltiske provinsane var herja av krig og pest, og Peter den store hadde personleg avfyrt dei første bombene under kringsetjinga av Riga i november 1709.[2]

Vilkår[endre | endre wikiteksten]

I den estiske og livlandiske kapituleringa stadfesta Russland i det store og heile dei lokale lovene og rettane, særleg retten til protestantisk tru,[10] noko som gav områda administrativt, økonomisk, sosialt og kulturelt sjølvstyre.[11] Dette omfatta lover og rettar som daterte tilbake til Klosterstaten til Den tyske riddarordenen og i Estland danske lover.[nb 1][nb 2][nb 3] Reduksjon av desse rettane av svensk einevelde hadde ført til at den liviske adelen drog i eksil[12] og talsmenn for den liviske adelen[13] Johann Reinhold von Patkul klarte å drive lobbyverksemd for krig mot Sverige i opptakten til krigen,[12] og stadfestinga deira var for å sikre lojalitet i den baltiske eliten,[14] der mesteparten hadde vore sterkt imot ei russisk erobring,[13] til tsaren.[14] Kapituleringa vart avslutta ekskusivt av dei baltiske tyske borgarane og adelsklassen. Den estisk- og livisk-talande folkesetnaden vart ikkje nemnd.[15]

Stadfestinga av lokal lov og administrasjon førte til at mange svenske lover og påbod vart gjeldande under det russiske styret.[16] Til dømes vart ei ufullstendig liste på 122 framleis gjeldande svenske påbod publisert i Reval i 1777,[16] og den svenske prestestanden vart først erstatta i 1832.[17]

Kapituleringa til Livland braut kravet til August den sterke i Preobrazjenskoje-traktaten (1699) og fornyinga den 20.-21. oktober 1709 Thorn-traktaten.[3] I følgje avtalen skulle August få Livland etter delinga av dei svenske maktområda.[3] Boris Sjeremetev ignorerte bøna til Gerhard Johann von Löwenwolde om å følgje desse avtalane, og Sjeremetev fekk livlendingane til å sverje truskap til Peter den store.[3] Löwenwolde, som tidlegare tente August den sterke, vart fullmektig for Peter i Livland og hadde denne stillinga fram til 1713.[18]

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Dei baltiske provinsane før 1710/1721
Dei russiske baltiske guvernementa Riga/Livland og Estland (grunnlagd 1713) og Kurland (grunnlagd 1795)

Før fiendskapen mellom Sverige og Russland enda i Nystad (1721), aksepterte ikkje svenskane kapituleringa.[9] Svensk etterretning opererte i dei okkuperte områda og forhøyrte folk som rømde frå desse provinsane til sjølve Sverige.[9] I 1711 og 1712 gjekk den svenske marinen fleire gonger i land langs den estiske kysten, brende landsbyar og eigedomar.[19] Større ekspedisjonar vart planlagt samstundes, mellom anna eit marint åtak på Ösel (Saaremaa) i 1711[9] og landgang med alle svenske soldatar stasjonert i Finland, men desse planane vart ikkje sett i verk.[20] Den siste planen for å ta dei baltiske provinsane attende med makt vart lagt i 1720, men heller ikkje desse vart utførte.[20] Det svenske styret opprettheldt ein administrasjon i eksil for dei baltiske områda, og tilsette personar i ledige adminsitrative stillingar fram til 1720.[20] Den russiske administrasjonen, med Boris Sjeremetev, reagerte med å forby dei lokale innbyggjarane kontakt med Sverige.[5]

Den 30. august 1721 formaliserte freden i Nystad dei nye områda til Russland i Baltikum og kapituleringa av desse i paragraf IX, X, XI og XII.[21] Sverige måtte sei frå seg alle framtidige krav på desse områda og stryke provinsane frå kongetittelen.[16] Peter den store endra samstundes tittelen sin frå tsar til imperator, og retta tittelen til kniaz Estlanskji, Livlandskji i Korelskji, eller hertug av Estland, Livland og Karelia.[16] Erobringa av dei tidlegare baltiske maktområda til Sverige var eit mål under krigane som følgde det neste hundreåret etter den store nordiske krigen,[22] sidan desse områda var særs strategisk viktige og Livland hadde vore ei stor kornkjelde for Sverige.[6] Likevel vart det ikkje suksess i nokre av dei russiske russisk-svenske krigane i 1741–1743, 1788–1790 og 1808–1809.[22] Som Loit (2004) skriv:

Det var nyvinninga av Estland i 1561 som markerte starten for Sverige som ei europeisk stormakt, og det var då dei baltiske provinsane vart tapt til Russland i 1710 (1721), under den store nordiske krigen, at Sverige vart omforma til ein nasjon med lågare makt igjen.[nb 4]

Nyvinninga av Estland og Livland introduserte ein ny klasse av ein baltisk tysk adel til dei russiske hoffa.[3] Dei neste hundreåra klarte baltiske tyskarar å ta viktige stillingar i Det russiske imperiet.[18] I 1795 fullførte det tidlege moderne Russland den baltiske utvidinga med å vinne til seg Kurland etter ei kapitulering liknande den estiske og liviske, etter den tredje delinga av Det polsk-litauiske samveldet.[21] Dei baltiske provinsane fekk halde den spesielle statusen sin i Det russiske imperiet fram til tsar Nikolai I starta å russifisere i 1840-åra.[7] Mellom 1883 og 1905 under tsar Aleksander III, før den nasjonalistiske linja til endringar i administrasjonen og utdanninga, før den russiske revolusjonen i 1905 stoppa situasjonen.[7] Etter erobringa av dei baltiske provinsane hadde Peter den store garantert at dei skule få halde tysk som offisielt språk, men Katarina II innførte russisk som det andre offisielle språket, og i 1880-åra vart russisk innført som andre fellesspråk.[23]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kapituleringa til Reval, første avsnitt, utdrag: "[...] dasz von Ihro Grosz Czarischen Maytt. vor sich und ihren hohen Successoren ihnen allen von denen Königen in Dänemarck, denen Hoch Meistern, Herren Meistern, Königen in Schweden von Zeiten zu Zeiten der Stadt und ihren Einwohnern gegebene privilegia, pacta, Immunitäten, Freyheiten alle wohl hergebrachte christlöbl. Gewohnheiten, Königl. Resolutiones in genere und in specie sowohl in spiritualibus als temporalibus werden confirmiret, und zu allen Zeiten nach dem Wortverstande ohne einige andere Deutung fest gehalten werden." Luts (2006), s. 162.
  2. Kapituleringa til den liviske adelen, tiande avsnitt, utdrag: "In allen gerichten wird nach Liefländischen Privilegien wohl eingeführten Gewohnheiten, auch nach dem bekannten alten Lief-Ländischen Ritterrechte, und, wo diese deficieren möchten, nach gemeinen Teutschen Rechten, dem landesüblichen Processform gemäss [...] decidiert [...]" Luts (2006), s. 160.
  3. Kapituleringa til den estiske adelen, andre avsnitt, utdrag: "Alle Privilegia, Donationes, Statuten, Immunitäten, Alte wohlhergebrachte Landes Gewohnheiten von deren Glorwürdigsten Königen in Dennemark, item denen Hoch- vnd Herr Meistern dem Lande und Adel gegebene und von Zeiten zu Zeiten confirmirte Praerogativen, wie Selbe in Ihrem tenore von Wort zu Wort lauten, zu confirmiren und zuerhalten." Luts (2006), s. 161.
  4. "Es war die Inbesitznahme Estlands im Jahre 1561, die den ersten Schritt auf dem Weg Schwedens zu einer europäischen Großmacht bildete, und es war der Verlust der baltischen Ostseeprovinzen an Rußland 1710 (1721), der Schweden wieder in eine Macht zweiten Ranges verwandelte." Loit (2004), s. 69.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Capitulation of Estonia and Livonia» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Bushkovitch, Paul (2001). Peter the Great. The struggle for power, 1671-1725. New studies in European history. Cambridge University Press. ISBN 0521805856. 
    • Dauchert, Helge (2006) (på German). "Anwalt der Balten" oder Anwalt in eigener Sache?. The Baltic Sea region. Northern dimensions - European perspectives. 11. Berlin: Berliner Wissenschaftsverlag. ISBN 3830515677. 
    • Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Harlow: Longman. ISBN 978-0-582-06429-4. 
    • Hatlie, Mark R. (2005). «Crisis and Mass Conversion. Russian Orthodox Missions in Livonia, 1841-1917». I Keul, István. Religion, Ethnie, Nation und die Aushandlung von Identität(en). Regionale Religionsgeschichte in Ostmittel- und Südosteuropa. Frank & Timme Verlag für wissenschaftliche Literatur. ss. 115–146. ISBN 386596009X. 
    • Kappeler, Andreas (2008) (på German). Rußland als Vielvölkerreich. Entstehung, Geschichte, Zerfall. Beck'sche Reihe. 1447 (2 ed.). Munich: C.H.Beck. ISBN 3406577393. 
    • Koch, Kristine (2002) (på German). Deutsch als Fremdsprache im Russland des 18. Jahrhunderts. Die Geschichte des Deutschen als Fremdsprache. 1. Berlin/New York: Walter de Gruyter. ISBN 3110175037. 
    • Loit, Aleksander (2005). «Das Balitkum in der Außenpolitik Schwedens im 18.-20. Jahrhundert. Eine Übersicht». I Angermann, Norbert; Garleff, Michael; Lenz, Wilhelm (på German). Ostseeprovinzen, Baltische Staaten und das Nationale. Festschrift für Gert von Pistohlkors zum 70. Geburtstag. Schriften der Baltischen Historischen Kommission. 14. Münster: LIT. ss. 69–88. ISBN 3825890864. 
    • Luts, Marju; Modernisierung durch Transfer im 19. und frühen 20. Jahrhundert (2006). «Modernisierung und deren Hemmnisse in den Ostseeprovinzen Est-, Liv- und Kurland im 19. Jahrhundert. Verfassungsrechtlicher Rahmen der Rechtsordnung. Die Kapitulationen von 1710 und 1795». I Giaro, Tomasz (på German). Rechtskulturen des modernen Osteuropa. Traditionen und Transfers. Volume 1. Ius Commune. Studien zur europäischen Rechtsgeschichte. 205. Frankfurt am Main: Klostermann. ss. 159–200. ISBN 3465034899. 
  1. Luts (2006), s. 159
  2. 2,0 2,1 2,2 Frost (2000), s. 294
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Bushkovitch (2001), s. 294
  4. Hatlie (2005), s. 115-116
  5. 5,0 5,1 Loit (2004), s. 72
  6. 6,0 6,1 Loit (2004), s. 69
  7. 7,0 7,1 7,2 Hatlie (2005), s. 116
  8. Frost (2000), s. 228
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Loit (2004), s. 70
  10. Luts (2006), s. 160
  11. Dauchert (2006), s. 56
  12. 12,0 12,1 Bushkovitch (2001), s. 217
  13. 13,0 13,1 Kappeler (2008), s. 68
  14. 14,0 14,1 Dauchert (2006), s. 54
  15. Dauchert (2006), s. 55
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Loit (2004), s. 76
  17. Loit (2004), s. 77
  18. 18,0 18,1 Bushkovitch (2001), s. 295
  19. Loit (2004), s. 70-71
  20. 20,0 20,1 20,2 Loit (2004), s. 71
  21. 21,0 21,1 Luts (2006), s. 162
  22. 22,0 22,1 Loit (2004), s. 70, 77ff
  23. Koch (2002), s. 59-60