Kapp Arktis

Koordinatar: 81°13′N 95°15′E / 81.217°N 95.250°E / 81.217; 95.250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kapp Arktis på øya Komsomolets i Russland.

Kapp Arktis (russisk Мыс Арктический eller Mys Arktitsjeskij) er det nordlegaste punktet på øya Komsomolets i Russland, som igjen er den nordlegaste øya i øygruppa Severnaja Zemlja i Nordishavet. Under Josef Stalin vart neset kalla Kapp Molotov.

Neset ligg 990,7 km frå Nordpolen og Kapp Arktis vert stundom nytta som utgangspunkt for ekspedisjonar til Nordpolen. Koordinatane er 81°13′N 95°15′E / 81.217°N 95.250°E / 81.217; 95.250

Kapp Arktis er ikkje det nordlegaste punktet i Russland og Eurasia. Dette er Kapp FligelyRudolføya, ei øy i øygruppa Frans Josefs land. Det nordlegaste punktet på det asiatiske fastlandet er Kapp Tsjeljuskin.

Kapp Arktis òg den nordaustlegaste grensa for Karahavet, som er den austlege enden av ei linje som går frå Kapp Kohlsaat i Frans Josef Land til Kapp Arktis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]