Kapp Dezjnjov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kapp Dezhnjov (russisk мыс Дежнёва eller Mys Dezjnjova) er eit nes som dannar det austlegaste punktet i Asia, på Tsjukstsjihalvøya i Beringsundet i Tsjukotka autonome okrug i Russland. Det ligg 82 km frå Cape Prince of Wales, det vestlegaste punktet i Alaska. Mellom desse ligg Diomedesøyane og Fairway Rock. Neset er kalla opp etter den russiske sjømannen Semjon Dezhnjov (1605-1672), som oppdaga det i 1648.

Avstanden til Kapp Baba heilt vest i Vesleasia i Tyrkia er 10 050 km, som er den lengste rette linja ein kan dra gjennom Asia.

Koordinatar: 66°01′N 169°43′W