Kapp Horn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°58′48.51″S 67°17′20.61″W

Kapp Horn sett frå sør.
Hermiteøyane (i midten) og Kapp Horn (nede til høgre) sett frå verdsrommet.

Kapp Horn (nederlandsk Kaap Hoorn; spansk Cabo de Hornos, kalla opp etter byen Hoorn i Nederland) er det sørlegaste nesetTierra del Fuego-øyane, også kjend som Eldlandet, sør i Chile.

Neset er det sørlegaste punktet i Sør-Amerika og markerer den nordlege grensa til Drakesundet. I mange år var neset ein milepåle på klipperruta, som seglskutene segla då dei frakta varer rundt verda. Farvatnet rundt neset er derimot særs farleg på grunn av kraftig vind, høge bølgjer, kraftige havstraumar og isfjell, og i seglskutetida vart området kjend som ei våt grav for mange sjømenn.

Panamakanalen opna i 1914 trong langt færre skip å segle rundt Kapp Horn. I dag vert segling rundt neset rekna som ein av dei store utfordringane innan seglsport, stundom som ein del av jordomseglingar. I dag kan ein derimot segle gjennom kanalane like nord for neset, men mange vel likevel å vente på bra vêr og segle rundt det historiske neset.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den sørlege delen av Sør-Amerika, inkludert øya Kapp Horn, Drakesundet og Sør-Shetland.

Kapp Horn er det sørlegaste punktet i Sør-Amerika og ligg på Isla Hornos i Hermiteøyane, sør i øygruppa Tierra del Fuego.[1][2] Neset markerer nordenden av Drakesundet, sundet som går mellom Sør-Amerika og Antarktis. Delelinja mellom Atlanterhavet og Stillehavet går langs meridianen som går gjennom Kapp Horn frå Tierra del Fuego til Sørishavet.[3] Neset er ein del av Cabo de Hornos nasjonalpark.

Kapp Horn fekk opphavleg det nederlandske namnet Kaap Hoorn til ære for den nederlandske byen Hoorn og er eit typisk døme på falske vener. Hoorn vart på engelsk og norsk «Horn», og på spansk Cabo de Hornos.[4] Sjømenn har ofte berre kalla neset «Hornet».[5]

Fyrstasjonen ved Kapp Horn.

Neset ligg i chilensk farvatn og den chilenske marinen har ein stasjon på Hoorn-øya, som består av ein bustad, reiskapsbygg, kapell og eit fyr.[6] Like ved stasjonen står eit minnesmerke forma som ein albatross til ære for alle sjømennene som mista livet då dei prøvde «å runde hornet».[7]

Både stasjonen, fyret og minnesmerket står ikkje på sjølve neset, som er forholdsvis utilgjengeleg både til sjøs og til lands, men om lag ein kilometer lenger nordaust.

Terrenget er trelaust, men ganske frodig på grunn av mykje nedbør.

Kapp Horn sett frå den chilenske marinestasjonen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i området er generelt kjølig sidan det ligg så pass langt sør. Det er ingen vêrstasjonar i øygruppa, men studiar frå 1882-1883 tyder på at nedbørsnormalen er om lag 1357 mm i året og årsmiddeltemperaturen om lag 5,2 °C. Vinden er i snitt 8 m/s, men storm med vindkast på over 27-28 m/s er vanleg til alle årstider.[8]

Politisk[endre | endre wikiteksten]

Øyane rundt Kapp Horn.

Kapp Horn er ein del av kommunen Cabo de Hornos, med Puerto Williams som administrasjonsstad. Dette er igjen ein del av provinsen Antártica Chilena, som òg har Puerto Williams som administrasjonsstad. Området er ein del av Región de Magallanes y de Antártica Chilena.[9]

Puerto Toro, ein fiskarlandsby nokre kilometer sør for Puerto Williams, er busetnaden som ligg nærast neset og er den sørlegaste busetnaden i verda.

Segleruter[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire ruter rundt sørenden av Sør-Amerika. Magellansundet, mellom fastlandet og Tierra del Fuego, er eit langt og smalt sund, og vart nytta lenge før Hornet vart oppdaga. Beaglekanalen mellom Tierra del Fuego og Isla Navarino, er ei vanskelegare rute, og det er forskjellige passasjar mellom Wollaston- og Hermiteøyane nord for Kapp Horn.[10]

Alle desse passasjane er berykta for fallvinden williwaw, som brått kan råke eit fartøy utan forvarsel[11] og sidan sunda er smale, er det stor risiko at båten kan drive mot klippene. Drakesundet er deriomt 650 km breitt, og er den mest nytta ruta, trass i at bølgjene her kan verte særs høge.[4]

Fare for skipstrafikken[endre | endre wikiteksten]

Fleire faktorar gjer farvatnet rundt Kapp Horn til eit av dei farlegaste i verda, mellom anna vêrtilhøva som generelt eksisterer i Sørishavet, geografien sør for Hornet og at plasseringa ligg så pass langt sør, ved 56º sør. Til samanlikning ligg Kapp Agulhas, det sørlegaste punktet i Afrika på 35° sør og Stewart Island/Rakiura sør på New Zealand på 47° sør.

Dei framherskande vindane på breiddegradene sør for 40° sør kan blåse nesten uhindra rundt heile kloden frå vest til aust, og har gjeve opphav til namnet «roaring forties», og dei villare «furious fifties» og «screaming sixties». Desse vindane er i seg sjølv så farlege at skipa som reiser austover plar ligge nord for 40 ºS så sant det er råd, men rundt Kapp Horn må dei heilt sør til 56 ºS, godt inn i sonen med dei kraftigaste vindane.[12] Desse vindane vert i tillegg kraftigare på grunn av trakteffekten mellom Andesfjella og Antarktishalvøya, som kanaliserer vinden gjennom det relativt smale Drakesundet.

Dei kraftige vindane i Sørishavet fører så med seg store havbølgjer, og desse kan verkeleg verte store fordi dei rullar uhindra gjennom Sørishavet utan å treffe land. Ved Hornet møter dei derimot det grunne området sør for neset, som gjer at bølgjene vert kortare og brattare, og mykje farlegare for skipstrafikken. Om den sterke austlege havstraumen gjennom Drakesundet møter kraftig austleg vind, kan dette byggje opp bølgjene ytterlegare.[13] I tillegg til desse «normale» bølgjene er farvatnet vest for Kapp Horn særleg frykta for monsterbølgjer, som kan nå ei høgd opp til 30 meter.[14]

Dei framherskande vindane og havstraumane skapte særleg problem skipa i seglskutetida då det var vanskeleg å få framdrift i den kraftige vestavinden om skipet kom frå aust.[15]

Is utgjer òg ein fare for skip som seglar langt sør for 40 ºS. Sjølv om isgrensa går sør for Kapp Horn er isfjell ein stor fare for skipstrafikken i området. Når det er sommar på den sørlege halvkula, i februar, held isfjella seg stort sett sør for 50 ºS, men i august når det er vinter kan dei drive nord for 40 ºS. Sjølv i februar ligg Kapp Horn godt innanfor grensa for kor langt nord isfjella kan drive.[16]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oppdaginga[endre | endre wikiteksten]

Kapp Horn sett frå sørvest.

I 1525 vart fartøyet «San Lesmes», kommandert av Francisco de Hoces og eit medlem av Loaísa-ekspedisjonen, blåse sørover under eit uvêr i Atlanterhavet ved utløpet til Magellansundet og nådde 56 ºS, der dei meinte dei kunne sjå enden av landet.

I september 1578 segla Sir Francis Drake gjennom Magellansundet og inn i Stillehavet då han segla rundt jorda. Før han kom seg vidare nordover vart skipet råka av ein storm og dreiv sørover, godt forbi Tierra del Fuego. Det store opne farvatnet fekk Drake til å innsjå at Tierra del Fuego ikkje var eit nytt kontinent, som ein hadde trudd tidlegare, men ei øy med ope hav i sør. Denne oppdaginga hadde liten nytte i tida framover sidan skip framleis nytta den kjende passasjen gjennom Magellansundet.[17]

Tidleg på 1600-talet fekk Det nederlandske ostindiske kompaniet monopol på all nederlandsk handel via Magellansundet og Kapp det gode håp, dei einaste kjende rutene på denne tida til Det fjerne austen. Isaac Le Maire, ein rik kjøpmann frå Amsterdam, og Willem Schouten, ein skipsfører frå Hoorn, samt andre ukjende handelsmenn frå Hoorn, finansierte leitinga etter alternative ruter og ei rute til det ukjende Terra Australis.[18] Jacob Le Maire, son til Isaac, la ut på reisa og to skip forlet Holland i starten av juni 1615. Dette var skipa «Eendracht»med Schouten og Le Maire om bord, og «Hoorn» med bror til Schouten, Johan som kaptein. Hoorn vart råka av brann og med mannskapet frå dette skipet om bord segla «Eendracht» gjennom Le Maire-sundet då Schouten og Le Maire oppdaga Kapp Horn.

På denne tida trudde ein at Hornet måtte vere det sørlegaste punktet i Tierra del Fuego, men det kraftige vêret i Drakesundet gjorde at dei ikkje kunne utforske området vidare. Det var først i 1624 det vart oppdaga at Hornet var ei øy. Antarktis, som no berre låg 650 km lenger sør, vart først oppdaga i 1820, noko som seier sitt om dei vanskelege tilhøva i Drakesundet.[1]

Handelsrute[endre | endre wikiteksten]

Klipperruta som gjekk mellom England og Australia/New Zealand runda Kapp Horn.

Frå 1700-talet til tidleg på 1900-talet var Kapp Horn ein del av klipperrutene som frakta det meste av varene rundtom i verda. Klipperskip som runda Hornet førte ull, korn og gull frå Australia til Europa.;[19] og mange varer vart òg ført frå Europa til Det fjerne Austen denne vegen, samt mellom austkysten og vestkysten av USA.[20][21]

Den einaste staden i nærleiken der ein kunne få forsyningar og medisinsk hjelp, samt reparere skipa, var på Falklandsøyane. Prisane på å reparere skip her var derimot stundom så høge at øydelagde skip vart forlatne i Port Stanley.

Tradisjonelt fekk ein sjømann som hadde runda Hornet lov å bere ein gullring i øyra, det venstre øyra som hadde vendt mot Hornet under ein vanleg passasje mot aust. Han kunne òg ete middag med ein fot på bordet. Ein sjømann som òg hadde runda Kapp det gode håp kunne ete med begge beina på bordet.[22][23] Ein sjømann som hadde runda Kapp Horn kunne òg bere ei tatovering av eit fullrigga skip.[24]

Ei særleg kjend runding av Kapp Horn vart gjort av HMAV «Bounty» i 1788 og seinare gjort kjend som mytteriet på Bounty. Mytteriet skjedde i Sør-Stillehavet på veg til Vestindia.

Etter kvart som jernbanane tok over og Panamakanalen vart bygd i Mellom-Amerika vart det stadig færre som reiste den lange vegen om Kapp Horn. Mange moderne tankskip er for store til å segle gjennom Panamakanalen, samt eit par passasjerskip og hangarskip. Likevel er det ingen regulære kommersielle ruter rundt Kapp Horn, og det er sjeldan å sjå moderne skip her.

Litteratur og kultur[endre | endre wikiteksten]

Kapp Horn har vorte eit ikon for sjømannskultur i mange hundreår og er nemnt i mange sjantiar.[25] og i mange bøker om segling. Ein av klassikarane om seglskutetida er Two Years Before the Mast, av Richard Henry Dana, Jr., der forfattaren skildrar ei reise frå Boston til California via Kapp Horn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 lagit/charter/capehorn.htm Cape Horn the Terrible, av Paolo Venanzangeli; frå Nautical Web. Vitja 29. desember 2008.
  2. Cabo de Hornos, av Mariolina Rolfo og Giorgio Ardrizzi. Frå Patagonia and Tierra del Fuego Nautical Guide, Editrice Incontri Nautici, 2004. ISBN 88-85986-34-X
  3. Limits of Oceans and Seas. International Hydrographic Organization Special Publication No. 23, 1953.
  4. 4,0 4,1 Perilous Cape Horn, av P.J. Gladnick; from eSsortment, 2002. Vitja 29. september 2008.
  5. Rounding the Horn, av Dallas Murphy; Basic Books, 2004. ISBN 0-465-04759-9
  6. Isla Hornos Lighthouse, frå Lighthouse Depot. Vitja 29. september 2008.
  7. Cape Horn Memorial, av Roberto Benavente; frå Fundacion Caphorniers Chile. Vitja 29. september 2008.
  8. Opiliones from the Cape Horn Archipelago, James C. Cokendolpher og Dolly Lanfranco L.; frå Texas Tech University, 1985. Vitja 29. september 2008.
  9. Cabo de Hornos designado Reserva de la Biósfera, frå CONAF (spansk).
  10. Sailing the Patagonian channels, frå Yachting Club CERN, 2005. Retrieved February 5, 2006.
  11. Winds of the World: The Williwaw, frå Weather Online. Vitja 29. september 2008.
  12. Along the Clipper Way, Francis Chichester; s 134. Hodder & Stoughton, 1966. ISBN 0-340-00191-7
  13. Along the Clipper Way; side 151–152.
  14. Rogue waves, frå Europa Research. Vitja 29. desember 2008
  15. Along the Clipper Way; side 72–73.
  16. Atlas of Pilot Charts: South Pacific Ocean; Lighthouse Press, 2001. ISBN 1-57785-202-8
  17. Voyage of the Golden Hind, frå The Golden Hind. Vitja 29. september 2008.
  18. The Relation of a Wonderfull Voiage made by Willem Cornelison Schouten of Horne. Shewing how South from the Straights of Magelan in Terra Delfuego: he found and discovered a newe passage through the great South Seaes, and that way sayled round about the world. London: Skrive av T.D. for Nathanaell Newbery, 1619
  19. Along the Clipper Way; side 7.
  20. The Circumnavigators, av Don Holm; Around the Three Capes. Prentice-Hall, NY, 1974. ISBN 0-13-134452-8 Vitja 29. september 2008.
  21. North America and the Cape Horn Route, av Captain Harold D. Huycke; frå Caphorniers Chile. Vitja 29. september 2008.
  22. A Voyage for Madmen, av Peter Nichols; side 4–5. Harper Collins, 2001. ISBN 0-06-095703-4
  23. Covey Crump — "cape", Commander A. Covey-Crump, RN, 1955; from the Royal Navy. Vitja 29. september 2008.
  24. 'Vanishing Tattoo'
  25. laghtml Around Cape Horn, frå Frank Petersohn. Vitja 29. september 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kapp Horn