Kapp Maléa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kapp Maléa.
Plasseringa av Kapp Maléa i Hellas.

Kapp Maléa (gresk Ακρωτήριο Μαλέας, Akrotírio Maléas) er ei av halvøyane søraust på Peloponnes i Hellas. Ho skil Det joniske havet i vest frå Egearhavet i aust og er det nest sørlegaste punktet på det greske fastlandet (etter Kapp Ténaro). Ein gong stod eit av dei største fyra i Middelhavet her.

I antikken var havområda utanfor sterkt traffikert og ei av dei store rutene frå nordaust i Middelhavet til vestlege område. Vêret i området var derimot kjend for å endre seg heile tida, noko som mellom anna vert fortalt i Odysseen. Homer skildrar korleis Odyssevs på veg heim til Ithaka rundar Kapp Maléa, men vert blese ut av kurs, og han vart borte i opp mot 10 år.

Neset vart derimot langt mindre viktig då Korintkanalen opna, som gjorde at skip ikkje lenger trong å segle rundt Peloponnes. Det går likevel framleis mykje skip forbi halvøya.

Under den andre verdskrigen starta nazistane på Hellas å byggje eit militærtårn for forsvar og overvaking av skipsruta utanfor kysten. Konstruksjonen vart derimot aldri gjort ferdig sidan okkupasjonen enda i 1944.

Kapp Malea høyrer til periferieininga Lakonía. Området Vátika (Βάτικα) eller Viés (Βοιές) ligg heilt sør på halvøya med Neápoli som den største byen.

Vest for halvøya ligg øya Elafónisos, som er kjend for sine lange og lyse strender.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 36°26′17″N 23°11′55″E