Kapselmanometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blodtrykksmålar med kapselmanometer og stetoskop.

Kapselmanometer eller aneroidmanometer er ein trykkmålar som blir brukt til å måla blodtrykk med. «Aneroid» kjem frå gresk og tyder 'ikkje fuktig', og viser til at ein ikkje bruker kvikksølv i målaren.[1]

For måling av overtrykk fører ein trykket ein vil måle inn i kapselen. Sideveggane som er gjort tynne og bøyelege, vil alt etter trykkdifferansen mellom yttersida og innersida av kapselen bevege seg meir eller mindre frå kvarandre. Ei hesteskoforma fjør tener som motkraft. Rørslene, som er eit mål for trykkdifferansen, blir overførte til ein visar eller til elektroniske forsterkarar.

For å måle det absolutte trykket pumper ein kapselen tom for luft. Alt etter storleiken av det utvendige trykket blir kapselen pressa meir eller mindre saman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ormestad, Helmut; Holtebekk, Trygve (14. februar 2009). «Barometer». Store norske leksikon.