Karacagrotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karacagrotta
grotte
Land  Tyrkia
Kart
Karacagrotta
40°32′39″N 39°24′10″E / 40.5442°N 39.4028°E / 40.5442; 39.4028
Wikimedia Commons: Karaca Cave

Karacagrotta (lokalt kalla Karaca Mağarası) er eit grottenettverk nær byen Torul i Tyrkia.

Sjølv om grotta lenge har vore kjend hos dei lokale innbyggjarane, vart ho først open for turisme etter ei vitskapleg undersøking utført av Sukru Eroz, ein geologisk ingeniør frå Cebeli, mellom 1983 og 1990. Etter desse studiane vart grotta opna for turisme i 1996 då ho hadde vorte offisielt registrert.

Grotta har mange dryppsteinar i forskjellige former og fargar med stalaktittar, stalagmittar og travertinar. Grotta består av fire forskjellige hallar som er knytte saman. I snitt er grotta 18 meter høg og om lag 105 meter lang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]