Karaganda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karaganda
Horisonten til Karaganda
Byvåpenet til Karaganda
Byvåpenet til Karaganda
Styresmakter
Land
Oblast
Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Karaganda oblast
Akim Islam Togajbajev
Geografi
Flatevidd
 - By

543,28 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

446 200
  821/km²
Koordinatar 49°50′″N 73°10′″EKoordinatar: 49°50′″N 73°10′″E
Tidssone BTT (UTC+6)
Plassering
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan

Karaganda (kasakhisk Қарағанды, Karagandy; russisk Караганда, Karaganda) er hovudstaden i Karaganda oblast i Kasakhstan. Han er den fjerde største byen i Kasakhstan etter Almaty, Astana og Tsjimkent med om lag 450 000 innbyggjarar. I 1940-åra var opp til 70 % av innbyggjarane etniske tyskarar. Dei fleste av dei etniske tyskarane er etterkomarane av dei sovjetiske volgatyskarane som vart deportert til Sibir og Kasakhstan på Stalin sin ordre då Hitler invaderte Polen. Fram til 1950-åra var mange av dei internert i arbeidsleirar (gulag). Frå 1989 til 1999 fall innbyggjartalet i Karaganda med 14 %, hovudsakleg fordi mange emigrerte til Tyskland.

Namnet Karaganda kjem frå busken karagana som det er mykje av i området. Karaganda er ein industriby som vart bygd for å utnytte kolgruvene ved hjelp av fangane i arbeidsleirane. Tidleg på 1990-talet vart han vurdert som hovudstad i Kasakhstan før valet fall på Astana.

Den opphavlege staden der Karaganda stod er i dag avmerkt på bykarta som «Gamlebyen», men nesten ingenting er att. Då sovjetarane utnytta dei rike kolførekomstane like ved førte gruvegangane like under byen til at han måtte flyttast fleire kilometer lenger sør.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kate Brown, «Gridded Lives: Why Kazakhstan and Montana are Nearly the Same Place.» American Historical Review 106, 1 (2001): 17-48.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karaganda