Karakızsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 36°51′N 34°13′E

Karakız.jpg

Karakızsjøen (tyrkisk Karakız Göleti) er ein kunstig innsjø i provinsen Mersin i Tyrkia.

Innsjøen vart bygd i 1998. Han ligg i Torosfjella i landområdet kring Erdemli.. Hovudtilførsla er elva Karakız. Avstanden til Erdemli er 49 km og 65 km til Mersin. I luftlinje er innsjøen 27 km frå Middelhavet. Innsjøen er kring 1500 meter lang og vassflata ligg kring 1530 meter over havet. Kapasiteten er kring 3,2 millionar kubikkmeter.

Vatnet i innsjøen vert nytta til kunstig vatning. Innsjøen er òg del i eit populært fritidsområde.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erdemli camber of agriculture page