Karavell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karavell med latinarsegl.

Ein karavell er ein lett manøvrerbar, liten tomastra eller tremastra seglbåt bruka av portugisiske og spanske sjøfararar då dei føretok dei lange utforskingsreisene frå starten av 1400-talet.

Sjølv om karakken representerte beste standard i seinare skipsbygging ved Middelhavet på den tida, så var han ikkje vel egna for alle føremål. Først nytta portugisarane karakkane då dei våga seg sørover langs Vest-Afrika og ut på Atlanterhavet. Men desse store fullrigga båtane var ikkje brukanes til å manøvrere med presisjon innanskjers når dei undersøkte ukjente farvatn. Sjøfolka kom snart til å føretrekkje mindre karakkar på kring 100 tonn, eller dei lette tremastra middelhavsfartøya kjente som karavell.

Ettersom karavellen ikkje stikk djupt var han eigna til bruk ved utforsking av elveutlaup i grunne farvatn. Med hjelp av latinarsegl kunne han kjapt krysse grunne område i hard vind, og med det kvadratiske atlantisk type seglet gjorde han stor fart. Karavellen var økonomisk og med eigenskapar som stor styrke og snøggleik vart han verdsett som den beste fatøytypen i samtida. Karavell med latinarsegl hadde i regelen to eller tre mastrer, medan dei med atlantisk type segl hadde fire mastrer.

Dei tidlege karavellane var vanlegvis tomastra båtar på kring 50 tonn med ei totallengd på mellom 20 og 30 meter. Dei hadde eit høgt forhold mellom lengd og dekksbreidd på kring 3,5 : 1. Dette gjorde båtane mykje raske og manøvrerbare. Mot slutten av 14-talet vart karavellen modifisert slik at han fekk tilsvarande rigg som karakken med forsegl, kvadratisk hovudsegl og mesansegl, men til skilnad frå karakken fekk han ikkje bakk eller ruff og heller ikkje stort av akterbygget som karakken hadde. I ei slik form vart karavellen kalla caravela redonda. Det var eit slikt skip som Christofer Columbus sette ut med på den vidgjetne ekspedisjonen i 1492. «Santa Maria» var ein liten karakk som tente som flaggskip medan «Niña» og «Pinta» var karavellar på rundt 20 meter med ei breidd på sju meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]