Karbohydrat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Struktur for d-mannose

Karbohydrat er energirike organiske molekyl som vert brukt som energikjelde og -lager i alle levande organismar, og dessuten inngår som strukturelement i celleveggane til bakteriar, plantar og tre, og i bindevev hos dyr. Karbohydrat er dei aller vanlegaste biomolekyla på jorda.

Reine karbohydrat er bygd opp av grunnstoffa karbon, hydrogen og oksygen, oftast i forholdet 1:2:1 med den generelle formelen [C(H2O)]x. Kjemisk sett er karbohydrat polyhydroksialdehyder og -keton, det vil seia aldehyd og keton med mange hydroksylgrupper. Dei enklaste karbohydrata vert kalla monosakkarid eller enkle sukkerartar og har 3 til 6 karbonatom per molekyl. Dei best kjende er glukose («druesukker») og fruktose («fruktsukker»). Vanleg sukker eller farin (sukrose) er eit disakkarid samansett av glukose og fruktose.

Mange karbohydrat er tilsynelatande sykliske eterar, meir korrekt sykliske hemiacetaler, idet ketogruppene og hydroksylgruppene dannar intramolekylære bindingar. Karbohydrat kan òg danna større molekyl ved at dei bind seg til kvarandre gjennom sakkaridbindingar. Sakkarid vert inndelt i oligosakkarid med nokre få byggesteinar, og polysakkarid med mange byggesteinar. Oligosakkarida kan vidare delast inn i mono-, di- og tri-sakkarid osv.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]