Karbonadesmørbrød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Karbonadesmørbrød er ein smårett som er vert bydd fram på mange ulike serveringsstadar i Noreg, til dømes på vegkroer, ferjer og vertshus, men også på hovudstadsrestaurantar som Theatercaféen. Kalde karbonadesmørbrød høyrer også ofte med i ulike cateringmenyar, og det har vorte eit vanleg innslag på sjukehusmenyar, ofte til dømes som kveldsmatlaurdagar.

Tillaging[endre | endre wikiteksten]

Som underlag for smørbrødet brukar ein ei skive brød, ofte ein kneippbrødvariant. Loff vert òg nytta. Brødskiva smørjer ein med meierismør og så legg ein på eit blad grøn salat, gjerne crispisalat eller ei blanding med til dømes litt ruccolasalat. Det er vanleg å nytta rapidsalat. Så legg ein karbonaden på og pyntar med mjuksteikt lauk, tomatbåtar, sylteaugurk og persilledusk.

Ein variant er å servere karbonadesmørbrød med speilegg, då er tomatketsjup attåt. I Trøndelag er det vanleg å servera karbonadesmørbrødet med ertestuing og steikte poteter attåt.

Matkvalitet[endre | endre wikiteksten]

Avgjerande for kvaliteten på karbonadesmørbrødet er karbonaden. Det som vert servert på enklare serveringsstadane er som oftast heilfabrikata, det vil seie at dei kjem ferdiglaga frå kjøttindustrien. Av stadar med litt høgare kvalitet må ein kunna venta at dei lagar eigne ferske karbonadar, helst også at dei nyttar heimebakt brød.

Om ein lagar sine eigne karbonadar av karbonadedeig eller kjøttdeig av til dømes vilt og brukar grønsaker til, kan eit karbonadesmørbrød vera både eit godt og sunt måltid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]