Kardítsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kardítsa
Plassering
Kardítsa (Hellas)
Kardítsa
Kardítsa
Styresmakter
Land
Periferi
Periferieining
Hellas Hellas
Thessalía
Kardítsa
Geografi
Flatevidd
 - By

110,086 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik

37 768
  343/km²
Koordinatar 39°22′0″N 21°55′0″EKoordinatar: 39°22′0″N 21°55′0″E
Høgd over havet 108 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 431 00
Telefon-retningsnummer 24410
Bilnummer KA
Heimeside: www.karditsa-city.gr


Kardítsa (gresk Καρδίτσα) er ein by i periferieininga med same namn i Thessalía i Hellas. Han er òg hovudsete i periferieininga. Området har vore busett sidan rundt år 9000 fvt. Kardítsa ligg sørvest for Palamás og Lárisa, vest for Fársala og Vólos, nordvest for Aten, Lamía, Domokós og Sofádes, nord for Karpenísi, nordaust for Árta og søraust for Tríkala, Grevená, Ioánnina og Kalambáka.

Kardítsa har skular, latinskular og gymnas. Her ligg veterinærinstituttet til Thessalía universitet, kyrkjer, bankar, eit postkontor og ein togstasjon langs Tríkala-Kardítsa-Domokós-linja. Kardítsa er ein av dei mest syklistvenlege byane i Hellas med mange sykkelstiar. Om lag 30 % av all transport i byen skjer på sykkel.

[endre] Historie

Kardítsa var den første byen i Europa som vart frigjeve frå nazistane sin okkupasjon under den andre verdskrigen. Felttoget i Thessalía vart utkjempa av ELAS (gresk Ελληνικός Λαϊκός Απελευθερωτικός Στρατός, Ellinikós Laikós Apelevtherotikós Stratós), eller Det greske folkets frigjeringshær, den militære avdelinga til den venstreorienterte Nasjonal Frigjeringsfront (EAM).

[endre] Kjelde

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk