Kardinal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kardinalklede

Ein kardinal er ein embetsmann i den katolske kyrkja som står like under paven, og som røyster i val av nye pavar. Ordet kjem frå latin cardo, 'hengsel'. Kardinalane skulle fungera som hengsler for kyrkja: Hengsler held døra på plass, men lèt henne samtidig svinga slik at ho verkar som ho skal.

Tittelen blei opphavleg gjeven til kvar prest som var fast knytt til ei kyrkje, men allereie ved slutten av det første hundreåret tok det til å få ei anna meining. Pave Evaristus (97-105) gav tittelen til sokneprestane og diakonane i Roma og biskopane i området like ved byen. Snart etter blei denne rolla formalisert, slik at kardinalane danna eit kollegium. Dei hjelpte paven i styret av kyrkja og etterkvart også landområda paven herska over.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.