Karel Čapek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Karel Capek)
Karel Čapek

Pseudonym K. Č., B. Č., Karel Plocek, Karel Vašek
Statsborgarskap Austerrike-Ungarn, Tsjekkoslovakia
Fødd 9. januar 1890
Malé Svatoňovice
Død

25. desember 1938 (48 år)
Praha, Vinohrady

Yrke omsetjar, romanforfattar, regissør, fotograf, skodespelforfattar, journalist, science fiction-forfattar, barnebokforfattar, skribent, filosof, kunstmålar, litteraturkritikar, essayist, lyrikar
Språk tsjekkisk
Sjanger science fiction
Medlem av Brothers Čapek
Religion ikke-praktiserende katolikk
Far Antonín Čapek
Ektefelle Olga Scheinpflugová
Signatur
Karel Čapek på Commons

Karel Čapek (9. januar 189025. desember 1938) var ein tsjekkisk forfattar. Han er rekna blant dei viktigaste tsjekkiske forfattarane på 1900-talet. Čapek var ein nyskapar i bruken av tsjekkisk, og er kjent for å vera den første som brukte ordet «robot», i skodespelet R.U.R. (Rosumovi Univerzální Roboti) i 1920.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Karel Čapek var fødd i Malé Svatoňovice i Austerrike-Ungarn (no Tsjekkia) som son til ein landsbylege. Han gjekk på gymnas i Hradec Králové, Brno og Praha. Frå 1909 til 1915 studerte han filosofi i Praha, og i denne perioden hadde han og studieopphald i Berlin og Frankrike. I 1915 fekk han doktorgraden. Deretter arbeidde han i akademibiblioteket som bibliotekar. Etter 1917 jobba han som journalist, 1917-20 i Národní listy, 1921-38 som redaktør i Lidové noviny. 1921-23 var han òg dramaturg og regissør på teateret Vinohradske divadlo. 1925-33 høyrde til han den tsjekkiske PEN-klubben. Han gifta seg med Olga Scheinpflugová.

Karel Čapek skreiv med intelligens og humor om mange ulike tema og i mange ulike sjangrar. Han brukte det tsjekkiske språket på ein meisterleg måte og hadde ei gåve for observasjonar av menneskelege samfunn og ofte ein treffande humor. Mykje av arbeidet hans diskuterer etiske og andre aspekt ved dei revolusjonære oppfinningane og prosessane som var sett i gang på starten av 1900-talet. Han var ein svært samfunnsengasjert forfattar, og mange av dei beste verka hans er kommentarar til samfunnsutviklinga han såg rundt seg. Han skreiv både romanar, drama, noveller og barnebøker. Fleire av verka hans kan kallast science-fiction, sjølv om dette omgrepet ikkje var mykje i bruk på hans tid. Han skreiv òg reiseskildringar, mellom anna frå Noreg i En reise til Norden (Cesta na sever).

Fotografi av Karel og broren Josef frå 1930-talet.

På 1930-talet sette Čapek det litterære talentet sitt inn i kampen mot dei totalitære ideologiane, fascisme, nazisme og kommunisme som var i framvekst på den tida. Den mest produktive perioden av forfattarskapet hans fell saman med livstida til den første tsjekkoslovakiske republikken (1918-1938) og han var ein nær ven av den første presidenten, Tomáš Garrigue Masaryk. Då det vart klart at Tsjekkoslovakia sine vestlege allierte (Storbritannia og Frankrike) var klare til å la Tsjekkoslovakia i stikken gjekk dette hardt inn på Čapek. Han slutta å ta til seg næring og døydde av lungebetennelse 25. desember 1938. Gestapo rekna han som «statsfiende nummer 2», og var klare til å arrestera han når Tsjekkoslovakia skulle okkuperast, men han døydde før dette kunne skje. Broren Josef vart arrestert og døydde i konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen. Det kommunistiske Tsjekkoslovakia etter krigen hadde vanskeleg for å anerkjenna Čapek sitt forfattarskap grunna hans nære tilknyting og sterke støtte til det demokratiske styresettet i den første tsjekkoslovakiske republikken.

Utgitt på norsk[endre | endre wikiteksten]

Desse er nokre av Karel Čapek sine verk som er utgitt på norsk (originaltittelen i parentes):

Prosa[endre | endre wikiteksten]

  • Krakatit (bokmål), Atomkraft på ville vegar (nynorsk), (Krakatit), 1922, filma i 1948
  • Et år i min hage : til belæring for alle hagevenner (Zahradníkův rok), 1929
  • Hordubal vender hjem (Hordubal), 1933, filma i 1937
  • Meteor (Povětroň), 1934
  • Salamanderkrigen (Válka s mloky) 1936

Drama[endre | endre wikiteksten]

  • Insekter og roboter (R.U.R. - Rosumovi Univerzální Roboti), 1920 og (Ze života hmyzu), 1920
  • Insektliv : komedie i tre vendingar med førespel og epilog (nynorsk) (Ze života hmyzu), 1921
  • Den hvite pest (Bílá nemoc), 1937
  • Mora (Matka), 1938

Reiseskildringar[endre | endre wikiteksten]

  • En reise til Norden (Cesta na sever), 1936

Barnebøker[endre | endre wikiteksten]

  • Tsjekkiske eventyr (Devatero pohádek a ještě jedna od Josefa Čapka jako přívažek), 1932
  • Dasjenka, eller En hundehvalps liv : (i utvalg) for barn (Dášeňka čili život štěněte), 1933

Politiske verk[endre | endre wikiteksten]

  • Samtaler med president Masaryk (Hovory s TGM), 1928-1935

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Olga Čapek, En tsjekkisk roman : mitt liv med Karel Capek, norsk utgåve Tanum, 1948