Karen Grude Koht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karen Grude Koht

Karen Grude Koht (16. november 18711960) var ein norsk lærar og forkjempar for kvinnesaka.

Karen Grude var fødd på Brueland i Høyland kommuneJæren. Ho var dotter av lensmann og gardeigar M. A. Grude og Anna Grude (f. Mossige). I 1898 vart ho gift med politikaren og historikaren Halvdan Koht, og dei fekk dottera Åse Gruda Skard. Dottera vart psykolog, og arbeidde òg for kvinnesaka.

I 1893 tok Karen Grude Koht litt skolegang heime og på Sandnes, deretter mellomskoleEikeland. Med unionsoppløysinga, stemmerett og kvinnesak på dagsordenen blei ho tidleg politisk interessert og gjekk med i Venstre.

Etter eit kortvarig engasjement som huslærar reiste Grude til Kristiania og begynte på Fru Ragna Nielsens skole (1894) med annaneksamen i 1895, etterfulgt av folkeskole (1896) og studieopphold ved Sorbonne i Paris (1898) og Oxford (1908).

Koht opparbeidde ei sterk interesse for målsaka og språk generelt, og publiserte i Syn og Segn, der ho sat i redaksjonen, og i For Kirke og Kultur (særleg bokmeldinger). Ho omsette ein del, mellom anna Gjer Heimen din Fager (frå svensk, 1903), Naar Jordi Øydest (frå Rene Bazin, fransk, 1913) og Småkarane mine. Ein sumarbok for store og små (frå G. Geijerstam, svensk, 1922). Hennar eiga bok Kvinnearbeid kom ut i 1908, omtrent samtidig som ho tok sekretærrollen i det nystifta Norske Kvinders Nasjonalråd. Deira historie skulle ho seinare skildra i Norske kvinners nasjonalråd 25 år, Steenske Forlag (1929).

Saman med biskop Bernt Støylen gav ho ut skuleboka Mi fyrste bok (1909), etter påtrykk frå Moltke Moe og Nordahl Rolfsen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]