Karen Jo Fields

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karen Jo Fields
Fødd7. desember 1973 (50 år)
FødestadOslo
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar, musikar, gitarist

Karen Jo Fields (fødd 7. desember 1973) er ein norskamerikansk artist i sjangrane pop- og visemusikk.

Fields var fødd i Oslo med norsk mor og amerikansk far. Faren var musikar, og Fields voks dermed opp i ein musikalsk heim, i Arizona og Oslo.

I ungdomstida byrja Fields å syngje, spele gitar og piano, samt skrive eigne tekster. I 1995 spelte ho inn ein demo, og da Christer Falck, eigaren av ein platebutikk i Oslo, fekk høyre denne, bestemte han seg for å gi ut plate med henne. Da han i 1999 vann reality-serien Robinsonekspedisjonen brukte han pengepremien nettopp til å produsere Karen Jo Fields' fyrste album.

Albumet Embrace Me vart gitt ut på det nystarta plateselskapet Frode Records i november 2000. Det fekk gode kritikkar, og selde til slutt 7500 eksemplar etter ein noko treig start i platebutikkane.

I 2001 medverka Fields på sju av elleve songar på multiartisten John «John-John» Bruseth sitt album J.L. Seagull. I denne tida medverka ho òg på album med både Muzzlewhite og Minor Majority.

Andre albumet til Fields, Chase The Blue, kom ut i oktober 2003. Albumet fekk særs gode kritikkar, og selde òg bra. Fyrste veka gjekk det rett inn på 12. plass på dei norske salslistene. Både tittelsporet og singelen «Let's Talk About Love», vart store radio-hitar same haust.

Karen Jo Fields var tidlegare gift med franske Sebastien Seynaeve, og har skrivi fleire songar på fransk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]