Karen Margrethe Kuvaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karen Margrethe Kuvaas
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juni 1947 (76 år)
Yrke politikar, lærar
Politisk parti Arbeidarpartiet

Karen Margrethe Kuvaas (fødd 14. juni 1947) er ein norsk lokalpolitikar for Arbeidarpartiet og ordførar i Narvik kommune frå 2007 til 2011. Ho var den første kvinnelege ordføraren i byen.

I lag med ordførarane i Hemnes kommune, Rana kommune og Hattfjelldal kommune vart ho landskjend i november 2007 da det viste seg at kommunen hadde satsa framtidige kraftinntekter i amerikanske fondsprodukt selde av Terra Securities på vegner av den amerikanske storbanken Citibank.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. november 2007, henta 20. april 2008