Karen Mjør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karen Mjør
Fødd22. juni 1995 (28 år)
Utne i Ullensvang
Statsborgar avNorsk
YrkeStudent
VervLeiar i Sunnhordland Målungdom
Nestleiar i Stord AUF
Debattansvarleg i Styret ved Studentersamfundet i Trondhjem Leiar for Studentersamfundet i Trondheim

Karen Mjør (fødd 22. juni 1995 på Utne i Hardanger) er ein norsk ungdomspolitikar og målkvinne frå Stord. Ho har i fleire år vore leiar i Sunnhordland Målungdom, som vart kåra til årets lokallag i Norsk Målungdom i 2013.[1] [2] Ho er også tidlegare nestleiar i Stord AUF.[3] Mjør er engasjert i skuledebatt og lokalpolitikk, med fokus lokal kollektivtrafikk og målsaka.[1][4] Ho er oppteken av å få meir bruk av nynorsk i nasjonale media. Ho ønsker betre sidemålsopplæring,[1] men var positiv då Stord vidaregåande skule prøvde ut éin norskkarakter hausten 2013.[5] Ho har gått på Stord vidaregåande skule og på Sund folkehøgskule.[5] I nyare tid har ho vore aktiv i studentfrivilligheita i Trondheim, då blant anna gjennom Snaustrinda Spelemannslag og UKA.[6] 10. mars 20 vart ho vald til ny leiar for Studentersamfundet i Trondheim. Ho tok over leiarvervet på det digitale festmøte 17. mai 2020.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Tora Hope (15. mai 2013). «Sta nynorskleiar». Framtida. Henta 16. februar 2015. 
  2. «Kåra til «Årets Lokallag»», Stordnytt, 15. juli 2013, arkivert frå originalen 24. september 2015, henta 16. februar 2015 
  3. Hope, Tora (1. mai 2013), «– Er du misnøgd, så engasjer deg», Framtida, henta 16. februar 2015 
  4. «Bolleaksjonen for betre busstilbod». Stordnytt. 17. april 2013. Henta 16. februar 2015. 
  5. 5,0 5,1 Andrea Rygg Nøttveit (6. november 2013). «Ein av tre vil samla norskkarakteren». Framtida. Henta 16. februar 2015. 
  6. «Studentersamfundet i Trondhjem», www.samfundet.no (på norsk), henta 12. september 2019